Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4

Startsiden

Studietorget
For studenter
For studiesøkere

Studietilbod
Rettleiing
Logg på
Studentliv
Akademisk år
Info
Frå A til Å
Nyheiter
Kontaktinfo
Kart over UiTø
  
 
Language:

 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studier › studietilbud › emner › 4326 › 229223
Printer friendly

NOR-2125: Ord og bilde. Aspekt ved forhold mellom søsterkunstarter. Spesialemne for utenlandske studenter

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Kurset skal både gje ei særskilt innsikt i relasjonen ord/bilete i litteraturen og i eit stort forskingsfelt, samt førebu til sjølvstendig vitskapeleg arbeid på hovudfag. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Dette er eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til sjølvstendig vitskapleg arbeid på mastergradsnivå. Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne, og det kan hentast både frå prosa, dramatikk og lyrikk såvel som frå litteraturkritikk. Med ordkunsten som utgangspunkt vil ein i kurset drøfte ulike relasjonar mellom ord og bilete; analogiar mellom dei to kunstartane, korleis det biletmessige blir tematisert i litteraturen, ekfrastisk litteratur, o.s.b. I kurset inngår òg ein bolk teoretisk litteratur.

Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium.

Formelle forkunnskapskrav:
Generell studiekompetanse. I tillegg blir det kravt grunnleggjande analytiske kunnskapar i litteraturvitskap og norskkunnskapar tilsvarande NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar: eit semesters studium som igjen er basert på forkunnskapar tilsvarande bestått Norsk trinn-III-kurs/Bergens-testen.
Undervisning
Undervisninga vil gå over 13 veker med to timar pr. veke. Deretter blir det arbeid med semesteroppgåva under rettleiing. Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar, øvingar og problembasert oppgåveskriving (semesteroppgåve).
Vurdering
Oppgave og en muntlig prøve

Arbeidskrav:
For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.

Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.

Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk
Eksamenssemester
Vår

Undervisning våren 2004
Første fremmøte: Tirsdag 06.01.04 kl.1215 rom A3018
ForelesningLese- og skriveperiode i ukene 6,10,13-14,19 og 21-22. Innlevering av semesteroppgave 25.05. Muntlig eksamen avholdes i uke 23-25.
Undervisning i ukene 2-9, 11-12, 16-18 og 20.

Første fremmøte: Tirsdag 06.01.04 kl.1215 rom A3018

Tirsdag 12:15 til 14:00
A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget

Hovedansvarlig F.aman. Ole Karlsen


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 28.08.2004 21:04
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål | Nynorsk | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1-15 av 1343
   
ALI-1110
ALI-1111
ALI-1120
ALI-1130
ALI-1140
ALI-1141
ALI-2110
ALI-2111
ALI-2130
ALI-2140
ALI-2141
ALI-2150
ALI-2151
ALI-2152
ALI-2160
set width of right cell in netscape 4