|
NOR-2120: Nordnorsk litteratur. Spesialemne for utenlandske studenter Vekting 10 studiepoeng | Mål Målet for studiet er å auke medvitet til studentane om dei teoretiske og metodiske problem som kan bli reist i samband med regional litteraturforsking, og å auke kunnskapen om den nordnorske litteraturen som ein særeigen del av den norske nasjonallitteraturen.Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Nordnorsk litteratur avspeglar på ein særs tydeleg måte den spenning mellom periferi og sentrum som synest å vere eit allment trekk ved europeisk kulturen heilt attende til antikken. Kurset vil sette nordnorsk litteratur inn i ein kulturhistorisk samanheng og analysere tekstane i lys av dei til einkvar tid rådande oppfatningar av landsdelen, og i lys av landsdelen sin skiftande kulturelle, økonomiske og politiske status. Spesialemne V 2004: Den 2. verdenskrig i nordnorsk litteratur
Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar(utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium.
Formelle forkunnskapskrav: Generell studiekompetanse. I tillegg blir det kravt norskkunnskapar tilsvarande NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar: eit semesters studium som igjen er basert på forkunnskapar tilsvarande bestått Norsk trinn-III-kurs/Bergens-testen. | Undervisning Forelesingar og diskusjonar + arbeid med semesteroppgave. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker.Forelesningsfri/arbeid med semesteroppgave: sjå timeplan.Undervisningsstart: sjå timeplan. | Vurdering Oppgave og en muntlig prøve
Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk | Eksamenssemester Vår |
Undervisning våren 2004 Første fremmøte: Torsdag 08.01.04 kl. 1015 rom A3018. | | Forelesning | Innlevering av semesteroppgave 28.05. Muntlig eksamen i uke 23-25. Undervisning i ukene 2-5,7-9,11-12,16-18 og 20.
Første fremmøte: Torsdag 08.01.04 kl. 1015 rom A3018.
Torsdag 10:15 til 12:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
|
|