|
HIF-1012: Flerspråklighet Vekting 10 studiepoeng | Mål Studentane skal få teoretisk innsikt i ulike sider ved fleirspråklegheit og gjennom det få grunnlag til å forstå språkforholda i ulike slag fleirspråklege samfunn. | Innhold Kurset gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, kontakt mellom ulike språk og utvikling av pidgin- og kreolspråk.
Emnet er obligatorisk i Bachelorgradsprogram i språk, studieretning i språk og samfunn, elles valfritt.
Anbefalte forkunnskaper: Det er ein fordel om studentane har ex.phil. og ex.fac. på førehand. Det er også ein fordel å ha kunnskapar frå andre språkkurs om eitt eller fleire språksamfunn som ein kan relatere teoristoffet i dette kurset til. Pensumlitteratur må kunne lesast på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk. | Undervisning Undervisninga blir gjeven i to periodar i form av forelesingar og seminar med obligatoriske øvingsoppgåver og studentinnlegg. Undervisning i to timar per veke i 13 veker, i alt 26 timar. Dei undervisningsfrie periodane skal brukast til sjølvstudium og skriving av semesteroppgåve.
Undervisningsspråk: Norsk, annet skandinavisk språk eller engelsk
Emnet tilbys i vårsemesteret.
| Vurdering En skriftlig prøve En godkjent oppgave
Arbeidskrav: Studenten må ha deltatt i undervisninga med framlegging av pensumstoff, svar på øvingsoppgåver o.l. Kvar student har ansvar for å leggje fram ein del av pensum til diskusjon minst éin gong.
Semesteroppgåve over eit sjølvvalt tema som skal skrivast i løpet av semesteret. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på 2 eller 3. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10 - 15 sider, mens ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Formålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante språkforhold i eitt eller fleire samfunn. I tillegg blir studentane prøvde i ein munnleg eksamen i slutten av semestret.
Emnet evalueres med bokstavkarakterer.
Eksamensspråk: Norsk, anna skandinavisk språk eller engelsk. | Eksamenssemester Vår |
Undervisning våren 2004 Første fremmøte: Mandag 05.01.04 kl. 0915 rom A3012 | | Forelesning | Foreleser: Tove Bull. Semesteroppgave innleveres 21.05. Muntlig eksamen i uke 23-25. Undervisning i ukene 2-5,7-9,11-12,17-18 og 20.
Første fremmøte: Mandag 05.01.04 kl. 0915 rom A3012
Undv. periode: 05.01.2004 til 10.05.2004 Mandag 09:15 til 11:00 A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget
|
|