|
NOR-1020: Eldre språk og språkutvikling. Spesialemne for utenlandske studenter Vekting 10 studiepoeng | Mål Kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om den norrøne språkstrukturen med hovudvekt på dei sidene ved grammatikken som er viktige for å forstå språkutviklinga fram mot moderne tid, men også med sikte på å bli i stand til å omsetje normalisert norrøn prosa. Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling, og i nokon monn nordisk språkutvikling, frå dei eldste tider fram til i dag. Det gjeld dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga..Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Gjennom studiet av språkutviklinga skal ein setje seg inn i korleis det fonologiske og morfologiske systemet har endra seg frå norrøn tid og fram til moderne talemål først og fremst i norsk, men også i andre nordiske språk, og ein skal dessutan setje seg inn i dei viktigaste syntaktiske skilnadene mellom norrønt og moderne mål. I tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av skriftspråket fram til moderne tid.
Formelle forkunnskapskrav: Generell studiekompetanse. I tillegg blir det kravt norskkunnskapar tilsvarande NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar: eit semesters studium som igjen er basert på forkunnskapar tilsvarande bestått Norsk trinn-III-kurs/Bergens-testen. | Undervisning Undervisninga består av i gjennomsnitt 3 timar forelesing/seminar pr. veke i 13 veker. I samband med undervisninga vil det jamleg bli gjeve øvingsoppgåver. Veker utan undervisning skal nyttast til sjølvstudium og oppgåveskriving. | Vurdering En skriftlig prøve
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen skal ein ha fått godkjent to skriftlege oppgåver:- ei omsetjing av ein norrøn tekst med språklege kommentarar- ei utgreiing om eit emne frå eldre språkhistorie
Skoleeksamen (5 timar) ved slutten av semestret.Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk | Eksamenssemester Vår | Dato(er) for skriftlig eksamen 11.06.2004 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. |
Undervisning våren 2004
| | Forelesning | Onsdager undervises det kun i ukene 2,4,7,9,12 og 16-17. Lese og skriveperiode i ukene 6,10,14,19,21 og 22. Eksamen i ukene 23-25. Undervisning mandager i ukene 2-5, 7-9, 11-12, 17-18 og 20.
Første fremmøte: Mandag 05.01.04 kl. 0915 rom A3018
Mandag 09:15 til 11:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Onsdag 10:15 til 12:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Hovedansvarlig Prof. Endre Mørck
Varighet: 1 Semester |
|