|
NOR-2110: Nordisk litteraturvitenskap: Nordnorsk litteratur Vekting 10 studiepoeng | Mål Målet for studiet er å auke medvitet til studentane om dei teoretiske og metodiske problem som kan oppstå i samband med regional litteraturforsking, og å auke kjennskapen til den nordnorske litteraturen som ein særeigen del av den norske nasjonallitteraturen. | Innhold Nordnorsk litteratur avspeglar på ein særs tydeleg måte den spenninga mellom periferi og sentrum som synest å vere eit allment trekk ved europeisk kultur heilt tilbake til antikken. Kuret vil sette nordnorsk litteratur inn i ein kulturhistorisk samanheng og analysere tekstane i lys av dei til eikvar tid rådande oppfatningar av landsdelen, og i lys av landsdelen sin skiftande kulturelle, økonomiske og politiske status.
Spesialemne V 2004: Den 2. verdenskrig i nordnorsk litteratur | Undervisning Forelesingar og diskusjonar + arbeid med semesteroppgave. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker.Forelesningsfri/arbeid med semesteroppgave: sjå timeplan.Undervisningsstart for NOR-2110: sjå timeplan. | Vurdering Oppgave og en muntlig prøve
Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Målform til eksamen: Minst ett av emnene på 2000-nivå skal skrives på bokmål, og minst ett på nynorsk. | Eksamenssemester Vår |
Undervisning våren 2004 Første fremmøte: Torsdag 08.01.04 kl. 1015 rom A3018. | | Forelesning | Innlevering av semesteroppgave 28.05. Muntlig eksamen i uke 23-25. Undervisning i ukene 2-5,7-9,11-12,16-18 og 20.
Første fremmøte: Torsdag 08.01.04 kl. 1015 rom A3018.
Undervisningsperiode: 08.01.2004 Torsdag 10:15 til 12:00 A 3018 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Hovedansvarlig F.aman. Nils Magne Knutsen
|
|