|
Beskrivelse fra FS
NOR-2017: Nordisk språkvitenskap: Språknormering og språkriktighet Vekting 10 studiepoeng | Mål Studentane skal gjere greie for sentrale normeringsspørsmål i norsk - og i kva grad nasjonale, sosiale og pedagogiske omsyn har legi til grunn for normeringa av dei to skriftspråka våre. Vidare skal dei ha tileigna seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den språklege kvaliteten i ulike tekstar, t.d. frå aviser, offentleg språkbruk og ulike typar fagspråk. | Innhold Studiet inkluderer språknormeringsteori, normering av bokmål og nynorsk i eit historisk perspektiv og aktuelle normeringsspørsmål i dei to målformene i dag. Ein vil også komme inn på språkriktigheitsspørsmål, bl.a. drøfting av kvifor éin uttrykksmåte kan sjåast på som betre enn ein annan.
Dette kurset vil ikkje bli gitt regelmessig, men er eit døme på aktuelle kurs. | Undervisning Undervisninga er lagd opp som ein kombinasjon av forelesingar og seminar. Undervisninga i byrjinga av semesteret (dei fyrste tolv vekene) skal fyrst og fremst gi studentane grunnlag for å skrive ei semesteroppgåve innafor språknormering/språkriktigheit. Emnet for oppgåva vel studenten i samråd med faglæraren. Etter den fyrste undervisningsfasen kjem det ein undervisningsfri periode på fire veker da studentane arbeider med semesteroppgåva. I slutten av semesteret blir det undervist i stoff som studentane blir prøvd i til munnleg eksamen. Innom ein fastsett frist leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren. | Vurdering 14-dagers heimeoppgåve (10-12 sider) og munnleg eksamen.Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.Emnet for oppgåva skal godkjennast av faglærar før ein frist som vert oppgitt ved starten av semesteret.
Minst ett av emnene på 2000-nivå skal skrives på bokmål, og minst ett på nynorsk. | Eksamenssemester Vår | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Kontaktperson Studiekonsulent Anne Kjøsnes E-post: Anne.Kjosnes@hum.uit.no Tlf. 776 45 629 | Emnetype Teoretisk. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk |
Undervisning høsten 2004 Første gang: Fredag 17.09. kl. 1015 rom E0104. | | Forelesning | Oppgaveutlevering 01.12., innlevering 15.12. Muntlig eksamen i uke 50-51. Undervisning i uke 38 og 45.
Fredag 10:15 til 18:00 E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Lørdag 09:15 til 13:00 E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Hovedansvarlig Prof. Tove Bull
|
|