Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4

Startsiden

Studietorget
For studenter
For studiesøkere

Studietilbod
Rettleiing
Logg på
Studentliv
Akademisk år
Info
Frå A til Å
Nyheiter
Kontaktinfo
Kart over UiTø
  
 
Language:

 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studier › studietilbud › emner › 5278 › 311219
Printer friendly

Beskrivelse fra FS

NOR-2010: Nordisk språkvitenskap: Norrøn filologi

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Studiet skal gje ei grunnleggjande innføring i norrøn filologi. Studentane må derfor ha skaffa eller skaffe seg så godt grunnlag i norrøn grammatikk at dei kan lese både normaliserte og unormaliserte tekster fra mellomalderen. Medan dei normaliserte tekstane først og fremst skal støtte opp under grammatikkstudiet og gje eit visst inntrykk av ulike litterære sjangrar, skal arbeidet med dei unormaliserte tekstane gje innsikt i filologisk arbeid med mellomaldertekstar og vise korleis dei fungerer som språkhistoriske kjelder.

Anbefalte forkunnskaper: NOR-1010, men også andre kan følgje studiet om dei gjer seg godt kjende med norrøn grammatikk.
Pensumlitteraturen kan vere på norsk, anna skandinavisk språk eller engelsk.
Innhold
Emnet i norrøn filologi er ei innføring i studiet av nordiske mellomaldertekstar, både normaliserte og unormaliserte tekstar.

Pensum: 10 sider normalisert norrøn tekst av ulike sjangrar, 10 sider unormalisert tekst frå gammalnorsk og mellomnorsk tid som illustrerer synkron og diakron språkleg variasjon, og om lag 200 sider teoristoff. Studentar som ikkje har tatt NOR-1010, kan etter avtale med faglærar leggje opp utdrag av ei innføring i norrøn grammatikk som ein del av teoripensumet. Studentar som har tatt NOR-1010, må leggje opp både eit anna tekstpensum og eit meir spesialisert teoripensum i dette emnet.
Innan 1. april leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren. Pensumlista skal leverast til studiekonsulenten.
Undervisning
Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i følgjande 13 veker.
Dei undervisningsfrie periodane skal brukast til den obligatoriske heimeoppgåva og sjølvstudium.
Vurdering
Arbeidskrav: Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei heimeoppgåve om språket i ein unormalisert tekst foreslått av faglærar. Oppgåva må vere godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Skoleeksamen (5 timar) ved slutten av semesteret.
Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.
Studentane på BA-programmet i språk og litteratur med fordjuping i nordisk språk og litteratur må nytte bokmål i minst eitt emne og nynorsk i minst eitt emne ved eksamen i emne på 2000-nivå.
Eksamenssemester
Høst
Dato(er) for skriftlig eksamen
17.12.2004
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Kontaktperson
Professor Endre Mørck
E-post: Endre.Morck@hum.uit.no
Tlf. 776 44 238
Emnetype
Teoretisk.
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Undervisningsspråk
Norsk

Undervisning høsten 2004
Første gang: Mandag 16.08. kl. 1015 rom A3012.
ForelesningOppgaveutlevering 08.11., innlevering 22.11.
Undervisning i ukene 34-38, 40-43 og 45-48.

Hovedansvarlig Prof. Endre Mørck



Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 04.01.2005 21:34
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål | Nynorsk | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1-15 av 1704
   
AB-201
AB-202
AB-203
AB-204
AB-301
AB-304
AB-320
AB-321
AB-322
AB-323
AB-325
AB-326
AB-327
AB-328
AG-201
set width of right cell in netscape 4