|
Beskrivelse fra FS
NOR-1012: Nordisk språkvitenskap: Språk og samfunn. Talemålsvariasjon og skriftspråknormering Vekting 10 studiepoeng | Mål På grunnlag av innsikt i talemålet som språksystem (jf. Nord-1011), skal studentane få innsikt i korleis talemålet varierer og endrar seg i høve til geografiske, sosiale og kulturelle forhold. Studentane skal bli kjende med teori og metodar i talemålsstudiet og nytte desse kunnskapane i ei undersøking om talemålsvariasjon. Gjennom studium av skriftspråknormering skal studentane bli kjende med ulike sider som gjeld for norsk skriftspråknormering. | Innhold Studiet gjev ei innføring i geografisk, sosial og aldersavhengig variasjon i norsk talemål, og i nokon monn også i andre nordiske språk. Nordnorske språkforhold blir vektlagde. Det blir også gjeve ei innføring i sentrale sosiolingvistiske omgrep, problemstillingar og metodar. Emnet gjev også ei innføring i norsk, og i nokon monn nordisk, skriftspråknormering. Tilgang til info om pensum, oppgaver m.m.: http://www.hum.uit.no/a/Vangsnes/NOR1012.htm | Undervisning Anbefalte forkunnskapar: NOR-1010, NOR-1011 eller tilsvarande.
Undervisninga blir gjeven i haustsemestret.
Semestret blir inndelt i to eller tre undervisningsperiodar. Resten av tida blir brukt til oppgåveskriving og sjølvstudium. Undervisningsforma er forelesingar og oppgåveskriving, gjerne organisert som prosjektarbeid rundt eit felles tema. | Vurdering Semesteroppgåve på 8-12 sider (19000-28000 teikn) og munnleg eksamen. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.
Studentane på BA-programmet i språk og litteratur med fordjuping i nordisk språk og litteratur kan velje om dei vil skrive semesteroppgåva på nynorsk eller bokmål. | Eksamenssemester Høst | Emnenivå/studieår Vanligvis første eller andre året. | Kontaktperson Studiekonsulent Anne Kjøsnes E-post: Anne.Kjosnes@hum.uit.no Tlf. 776 45 629 | Emnetype Teoretisk. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk |
Undervisning høsten 2004 Første gang: Tirsdag 17.08. kl. 1115 rom A3012. | | Forelesning | Foreleser: Førstelektor Øystein Vangsnes Oppgaveinnlevering 01.12. Muntlig eksamen i uke 50-51. Undervisning i ukene 34-38, 40-43 og 45-48.
Tirsdag 11:15 til 13:00 A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Torsdag 12:15 til 14:00 B 1003 SV-fak. og HUM-fak. bygget
|
|