Tilbake til normal visning

Beskrivelse fra FS

HIS-2005: Frå Jalta til Malta. Den kalde krigens oppkomst, utvikling og avvikling

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Emnet er valgfritt i bachelorstudiet i historie. Passar elles som støtteemne til statsvitskap og russlandskunnskap.
Innhold
Emnet omhandlar den internasjonale utviklinga frå avslutninga av den andre verdskrigen til opphøyret av den kalde krigens strukturar ved inngangen til 1990-talet. Tre hovudproblem vil stå i fokus: For det første spørsmålet om oppkomst: Årsaker til kald krig. For det andre korleis den kalde krigen vart global, men også om sprekkdannningar i denne todelinga etter eit aust-vest-mønster. Det tredje temaet er spørsmålet om årsaker til at den kalde krigen opphøyrer ? og om kva slags internasjonal orden som overtok. Kurset vil gi ei innføring i dei mest sentrale forskingsdiskusjonane.

Forholdet mellom utviklinga av historiesyn og samfunnsmessige endringar, forholdet mellom vitskap og politikk, blir ein raud tråd gjennom kurset.
Undervisning
Emnet har varierte undervisningsformer.
Vurdering
Eit essay på ca. fem sider og ein skriftleg 6-timars skoleeksamen, blir evaluert saman med ein med avsluttande munnleg eksamen. Vurderes samla etter karakterane A-F.
Eksamenssemester
Høst
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Emnetype
Teoretisk.
Pensum
Se hjemmeside.
Undervisningsspråk
Norsk
Hjemmeside
http://uit.no/historie/1982/21


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 04.01.2005 21:44
Ansvarlig redaktør: konst. informasjonsdirektør Karen Marie Christensen