|
NOR-3500: Paal-Helge Haugens forfatterskap Vekting 20 studiepoeng | Mål Studentane vil få innsyn i eit av dei sentrale forfattarskapane i nyara norsk litteratur. Dei vil óg få noko innsikt i aktuell teoridaning og arbeidsmetodikk innanfor det interartielle feltet, særlig i relasjonen mellom litteratur og biletkunst og litteratur og musikk, samt i genreteori, særleg roman- og diktteori. | Innhold Kurset vil gi innsikt i sentrale delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap innanfor eit interartielt og genreteoretisk perspektiv. Kurset følgjer utviklinga i forfattarskapen og omfattar romanar, skode-/syngjespel og dikt, og desse primærverka vert studerte innanfor både eit genreteoretisk og interartielt perspektiv. Studentane skal arbeide med dikt, skode-/syngjespel, romanar, sakprosa frå Paal-Helge Haugens forfattarskap, til saman 12 verk. I tillegg skal studentane leggje opp om lag 400 - 500 s. genreteori og inter art-teori, alt etter vanskegrad.. | Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg.Undervisninga er lagt over 13 veker med tre timar i gjennomsnitt pr. veke. soleis at det blir fem undervisningsfrie studieveker i løpet av semesteret. Undervisning i veke 34 - 38 og 40 - 48. | Vurdering Studentane skal halde eitt førebudd innlegg om eitt aspekt ved forfattarskapen samt eitt innlegg konsentrert omkring genreteori eller inter art-teori, båe på minimum 20 minutt over eit oppgjeve tema. Innlegget skal godkjennast av faglærar.10 dagars heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på 15 - 20 sider. | Eksamenssemester Høst, Vår | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Første eller andre året på masternivå. | Kontaktperson Professor Ole Karlsen. Tlf.: 776 46 502. E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet. | Undervisningsspråk Norsk. | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?department=ALLE&module=NOR-3500-1 |
Undervisning høsten 2005
Første forelesning: Fredag 19. august kl 1215, rom A 1018 | | Forelesning | For timeplan se NOR-3400. Emne samkjøres med NOR-2400, NOR-2300 og NOR-3400 Foreleser Professor Ole Karlsen
|
|