|
NOR-2121: Knut Hamsuns forfatterskap. Spesialemne for utenlandske studenter Vekting 10 studiepoeng | Mål Målet for studiet er å få eit godt innblikk i diktinga, og delvis livet, til vår største prosaforfattar, Knut Hamsun. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Emnet vil gi ei innføring i Knut Hamsuns forfattarskap både i ein europeisk, modernistisk kontekst og i ein regional kontekst. I tillegg til romanar, vil også dikt, skodespel og reiseskildringar kunne bli trekte inn, i tillegg til Hamsun sine polemiske artiklar. Sjølv om hovudfokus vil liggje på det tekstanalytiske, vil oppfatninga av Hamsun i samtida og ettertida også bli kasta lys over og diskutert. | Undervisning Forelesingar og diskusjonar | Vurdering Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt. | Eksamenssemester Vår, Høst | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Kontaktperson Førsteamanuensis Nils Magne Knutsen E-post: Nils.Magne.Knutsen@hum.uit.no Tlf. +47 776 44 232 | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk |
|