|
NOR-2129: Nordnorsk litteratur etter 1900. Spesialemne for utenlandske studenter Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Høst | Mål Målet for studiet er å auke medvitet til studentane om dei teoretiske og metodiske problem som kan bli reist i samband med regional litteraturforsking, og å auke kunnskapen om den nordnorske litteraturen som ein særeigen del av den norske nasjonallitteraturen. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold I nordnorsk litteraturhistorie kan vi finne mange døme på den spenning mellom periferi og sentrum som synest å vere eit allment trekk ved europeisk kultur heilt attende til antikken. I dette kurset vil hovudvekta bli lagt på sentrale nordnorske verk frå tida etter 1900, og vi vil freista å lesa tekstane inn i både ein regional nordnorsk og ein nasjonal norsk litteraturhistorisk samanheng.
Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium. Dersom studenten seinare tar NOR-2119, fell studiepoenga for dette emnet bort. Anbefalte forkunnskaper: NOR-1110/1120, NOR-1111/1121, NOR-1112/1122 eller tilsvarande.
| Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker. Det vil bli lagt inn undervisningsfrie veker i semesteret. | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten halde eit førebudd munnleg innlegg på om lag 15 minutt. Innlegget skal godkjennast av faglærar. Vurderingsform: Skoleeksamen på 6 timar. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur. Eksamensspråk: Norsk, dansk eller svensk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F). | Datoer for skoleeksamen 20.11.2006 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. | Kontaktperson Førsteamanuensis Nils Magne Knutsen, e-post: Nils.Magne.Knutsen@hum.uit.no, tlf. 776 44 232 | Pensum http://uit.no/humfak/3509/ | Emnet overlapper disse emnene NOR-3119 -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2129-1 |
Undervisning høsten 2006
Første forelesning: Onsdag 23. august kl 1215, rom E 0104 | | Forelesning | Samkjøres med NOR-2119 og NOR-3119. Timeplan: Se NOR-2119 Foreleser F.aman. Nils Magne Knutsen
|
|