Tilbake til normal visning

NOR-2020: Norrøn filologi. Spesialemne for utenlandske studenter.

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Studiet skal gje ei grunnleggjande innføring i norrøn filologi. Studentane må derfor ha skaffa eller skaffe seg så godt grunnlag i norrøn grammatikk at dei kan lese både normaliserte og unormaliserte tekster fra mellomalderen. Medan dei normaliserte tekstane først og fremst skal støtte opp under grammatikkstudiet og gje eit visst inntrykk av ulike litterære sjangrar, skal arbeidet med dei unormaliserte tekstane gje innsikt i filologisk arbeid med mellomaldertekstar og vise korleis dei fungerer som språkhistoriske kjelder. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Emnet i norrøn filologi er ei innføring i studiet av nordiske mellomaldertekstar, både normaliserte og unormaliserte tekstar.
Undervisning
Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i 13 veker. Dei undervisningsfrie periodane skal brukast til den obligatoriske heimeoppgåva og sjølvstudium.
Arbeidskrav

Heimeoppgåve om språket i ein unormalisert tekst.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei heimeoppgåve om språket i ein unormalisert tekst foreslått av faglærar. Oppgåva må vere godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform: Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semesteret.

Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.

Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.

Bokstavkarakterar (A-F).
Kontaktperson
Professor Endre Mørck
E-post: Endre.Morck@hum.uit.no
Tlf. 776 44 238
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Emnet overlapper disse emnene
NOR-2010 -1      10 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2020-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 31.10.2006 20:51
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik