|
NOR-2116: Nordisk litteraturvitenskap: Prosaens kortformer i norsk etterkrigslitteratur Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Mål Kurset skal gje djupare innsikt kortprosaen sine former så vel genreteoretisk som meir praktisk-litterært. Samstundes skal kurset førebu for vitskapeleg arbeid på hovudfag. | Innhold Dette er eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til sjølvstendig vitskapleg arbeid på hovudfag.Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne. Pensum kan om det høver slik avgrensast til ein forfattarskap, men kan òg setjast saman av tekstar frå ulike forfattarskapar. Novella som sjanger vil stå sentralt i dette emnet, men ein vil òg kunne studere andre kortformer og særleg vere oppteken av korleis kortformene grenser opp mot andre genrar, såleis til dømes mot prosadiktet og romanen.
Dette kurset vil ikkje bli gitt regelmessig, men er eit døme på aktuelle kurs. | Undervisning Forelesingar, øvingar, oppgåveskriving. | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
| Eksamen og vurdering Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
| Kontaktperson Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Emnet overlapper disse emnene NORDMFL -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2116-1 |
|