|
NOR-2125: Ord og bilde. Aspekt ved forhold mellom søsterkunstarter. Spesialemne for utenlandske studenter Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Mål Kurset skal både gje ei særskilt innsikt i relasjonen ord/bilete i litteraturen og i eit stort forskingsfelt, samt førebu til sjølvstendig vitskapeleg arbeid på hovudfag. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Dette er eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til sjølvstendig vitskapleg arbeid på mastergradsnivå. Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne, og det kan hentast både frå prosa, dramatikk og lyrikk såvel som frå litteraturkritikk. Med ordkunsten som utgangspunkt vil ein i kurset drøfte ulike relasjonar mellom ord og bilete; analogiar mellom dei to kunstartane, korleis det biletmessige blir tematisert i litteraturen, ekfrastisk litteratur, o.s.b. I kurset inngår òg ein bolk teoretisk litteratur.
Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium.
Formelle forkunnskapskrav: Generell studiekompetanse. I tillegg blir det kravt grunnleggjande analytiske kunnskapar i litteraturvitskap og norskkunnskapar tilsvarande NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar: eit semesters studium som igjen er basert på forkunnskapar tilsvarande bestått Norsk trinn-III-kurs/Bergens-testen. | Undervisning Undervisninga vil gå over 13 veker med to timar pr. veke. Deretter blir det arbeid med semesteroppgåva under rettleiing. Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar, øvingar og problembasert oppgåveskriving (semesteroppgåve). | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk | Kontaktperson Professor Ole Karlsen E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no Tlf. 776 46 502 | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2125-1 |
|