|
NOR-3920: Mastergradsoppgave i nordisk språk Omfang 60 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Første eller andre året på masternivå. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Vår, Høst | Mål Gjennom å utføre eit større sjølvstendig vitskapleg arbeid over ein periode på eit år får studenten spisskompetanse innafor eit avgrensa felt og samtidig ein generell kompetanse for vitskapleg og anna arbeid innafor faget. Ved å bearbeide og organisere eit stort materiale, stille relevante spørsmål og ha ein adekvat metodikk vil studenten også få kompetanse i prosjektarbeid/problemløysing. I tillegg til dette vil studenten få særs god trening i å formulere og presentere eit stort materiale i skriftlig form. | Innhold Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg gransking over eit sjølvvalt emne, godkjent av den faglæraren som blir oppnemnd til rettleiar. Lengda på masteroppgåva bør vere 80-130 sider (maskinskrivne med margar på 2,5-3,0 cm, linjeavstand 1,5 og 12 punkt skriftstorleik). I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gå ut over det tilrådde sidetalet, særlig når materialpresentasjonen tar mye plass. Karakteren på masteroppgåva skal ikkje vere avhengig av omfanget på avhandlinga så lenge ho er over minimumslengda, men av korleis emnet for oppgåva er behandla. | Undervisning Studentane skriv oppgåve under rettleiing. | Eksamen og vurdering Masteroppgåva skal innleverast i 7 eksemplar 4 veker før siste eksamen. Saman med papirversjonen skal studenten levere ein elektronisk versjon av oppgåva. Innlevering skal skje i samsvar med instruksen utarbeidd av Universitetsbiblioteket i Tromsø. Studenten skal samtidig skrive under på ein forpliktande avtale mellom vedkomande sjølv og fakultetet.
Vurdering: bokstavkarakterar (A-F). | Kontaktperson Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Emnet overlapper disse emnene NORDHFO -H03 60 sp NORDHFO -1 60 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-3920-1 |
|