|
NOR-3930: Masteroppgave i nordisk - integrert 10 sp PPU Omfang 40 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Første eller andre året på masternivå. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Vår, Høst | Mål Gjennom å utføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med eit fagdidaktisk perspektiv får studenten spisskompetanse innafor eit avgrensa, fagmetodisk felt og samtidig ein generell kompetanse for vidare fagdidaktisk arbeid. Ved å bearbeide og organisere eit materiale, stille relevante spørsmål og ha ein adekvat metodikk vil studenten også få kompetanse i prosjektarbeid/problemløysing. I tillegg til dette vil studenten få særs god trening i å formulere seg skriftlig. | Innhold Emnet kan omfatte både ei språkleg og ei litterær oppgåve.
Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg gransking over eit sjølvvalt emne, med fagdidaktisk vinkling, godkjent av den faglæraren som blir oppnemnd til rettleiar. Lengda på masteroppgåva bør vere 40-70 sider (maskinskrivne med margar på 2,5-3,0 cm, linjeavstand 1,5 og 12 punkt skriftstorleik). I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gå ut over det tilrådde sidetalet, særlig når materialpresentasjonen tar mye plass. Karakteren på masteroppgåva skal ikkje vere avhengig av omfanget på avhandlinga så lenge ho er over minimumslengda, men av korleis emnet for oppgåva er behandla. | Undervisning Emnet har varierte undervisningsfomer | Eksamen og vurdering Masteroppgåva skal innleverast i 7 eksemplar 4 veker før siste eksamen. Masteroppgåva skal innleverast i 7 eksemplar 4 veker før siste eksamen. Saman med papirversjonen skal studenten levere ein elektronisk versjon av oppgåva. Innlevering skal skje i samsvar med instruksen utarbeidd av Universitetsbiblioteket i Tromsø. Studenten skal samtidig skrive under på ein forpliktande avtale mellom vedkomande sjølv og fakultetet. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar. | Kontaktperson Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-3930-1 |
|