|
NOR-2010: Nordisk språkvitenskap: Norrøn filologi Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Mål Studiet skal gje ei grunnleggjande innføring i norrøn filologi. Studentane må derfor ha skaffa eller skaffe seg så godt grunnlag i norrøn grammatikk at dei kan lese både normaliserte og unormaliserte tekster fra mellomalderen. Medan dei normaliserte tekstane først og fremst skal støtte opp under grammatikkstudiet og gje eit visst inntrykk av ulike litterære sjangrar, skal arbeidet med dei unormaliserte tekstane gje innsikt i filologisk arbeid med mellomaldertekstar og vise korleis dei fungerer som språkhistoriske kjelder.
Anbefalte forkunnskaper: NOR-1010, men også andre kan følgje studiet om dei gjer seg godt kjende med norrøn grammatikk. Pensumlitteraturen kan vere på norsk, anna skandinavisk språk eller engelsk.
| Innhold Emnet i norrøn filologi er ei innføring i studiet av nordiske mellomaldertekstar, både normaliserte og unormaliserte tekstar.
Pensum: 10 sider normalisert norrøn tekst av ulike sjangrar, 10 sider unormalisert tekst frå gammalnorsk og mellomnorsk tid som illustrerer synkron og diakron språkleg variasjon, og om lag 200 sider teoristoff. Studentar som ikkje har tatt NOR-1010, kan etter avtale med faglærar leggje opp utdrag av ei innføring i norrøn grammatikk som ein del av teoripensumet. Studentar som har tatt NOR-1010, må leggje opp både eit anna tekstpensum og eit meir spesialisert teoripensum i dette emnet. Innan 1. november leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren. Pensumlista skal leverast til studiekonsulenten.
| Undervisning Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i følgjande 13 veker. Dei undervisningsfrie periodane skal brukast til den obligatoriske heimeoppgåva og sjølvstudium.
| Arbeidskrav
Heimeoppgåve om språket i ein unormalisert tekst.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei hjeimeoppgåve om språket i en unormalisert tekst foreslått av faglærar. Oppgåva må vere godkjend før ein kan gå opp til eksamen.
Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semesteret. Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.
Bokstavkarakterar (A-F). | Kontaktperson Professor Endre Mørck E-post: Endre.Morck@hum.uit.no Tlf. 776 44 238 | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Emnet overlapper disse emnene NORDMFS -1 10 sp NOR-2020 -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2010-1 |
|