Tilbake til normal visning

NOR-1022: Språk og samfunn. Talemålsvariasjon og skriftspråknormering. Spesialemne for utenlandske studenter

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis første eller andre året.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Høst
Mål
Studentane få innsikt i korleis talemålet varierer og endrar seg i høve til geografiske, sosiale og kulturelle forhold. Studentane skal bli kjende med teori og metodar i talemålsstudiet og bli i stand til å nytte desse kunnskapane i eige arbeid. Gjennom studium av skriftspråknormering skal studentane bli kjende med ulike sider som gjeld for norsk, og i nokon monn svensk og dansk, skriftspråknormering. Emnet gjev ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Studiet gjev ei innføring i geografisk, sosial og aldersavhengig variasjon i norsk talemål, og i nokon monn også i andre nordiske språk. Nordnorske språkforhold blir vektlagde. Det blir også gjeve ei innføring i sentrale sosiolingvistiske omgrep, problemstillingar og metodar. Emnet gjev også ei innføring i norsk, og i nokon monn nordisk, skriftspråknormering. Tilrådde forkunnskapar: NOR-1020 og NOR-1021 eller tilsvarande.
Undervisning
Undervisninga blir gjeven i haustsemestret.

I semestret er det 52 undervisningstimar, og undervisninga blir gjeven med fire timar i veka i 13 veker gjennom heile semestret (frå veke 34 til veke 47) med unntak for to studiedagar (25.9. og 23.10.). I tillegg til å følgje undervisninga blir det pårekna oppgåveskriving og sjølvstudium.
Arbeidskrav

Ei skriftleg oppgåve.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen må ein ha levert ei skriftleg oppgåve innan fastsett frist og fått ho godkjent av faglærar. Utlevering: 20. september. Innleveringsfrist: 20. november. Vurderingsform: Skoleeksamen på 6 timar. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tek eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.

Eksamensspråk: Norsk, dansk eller svensk.
Datoer for skoleeksamen
08.12.2006
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Kontaktperson
Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen, tlf.: 776 44 217, e-post: aud.kirsti.pedersen@hum.uit.no Stipendiat Christine Bjerkan Østbø, tlf. 776 44 273, e-mail: christine.bjerkan.ostbo@hum.uit.no
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-1022-1

Undervisning høsten 2006
Første forelesning: Mandag 21. august kl 1015, rom E 0104
ForelesningSamkjøres med NOR-1012.
Timeplan: Se NOR-1012


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 31.10.2006 20:42
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen