|
HIS-3006: Regionale identiteter Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Første eller andre år på masternivå. | Undervisningsspråk Norsk. | Eksamenssemester Vår | Innhold Kurset er tilbydd av UiTØ og Institutt for historie saman med samarbeidsinstitusjonane innafor Nordplus-nettverket "Hissa"-nettverket, og er tilbydd til studentar innafor mastergradskursa frå universiteteta i København, Aarhus, Uppsala, Lund, Åbo, Helsinki, Reykjavik og NTNU, i tillegg til institutt for historie ved UiTø.Temaet for kurset er utviklinga av regionale identitetar i Norden frå mellomalderen til i dag, både sett innafor eit vidare rammeverk av skiftande nasjonale identitetar og nye nasjonalstatar som Finland, Noreg og Island. Målet er å følgje eit komparativt grep om desse utviklingstrekka. Slik skal ein spore opp både felles uttrykk og forskjellar. Ein dimensjon ved kurset er sjølvsagt eksistensen av og identiteten til etniske minoritetsgruppar innafor nasjonalstaten - ikkje berre samar, men óg andre språklege og kulturelle minoritetar.Undervisninga vil skje i Tromsø i form av eit intensivkurs over 14 dagar, med seminar, forelesingar og ekskursjonar i mai 2006. Første del av semestret skal deltakande studentar bruke til å førebu seg til undervininga, der alle til slutt skal presentere ein seminarrapport som må godkjennsast. Rapporten skal basere seg på eit pensum på 750 sider, som både kan bestå av eit oppgitt og eit sjølvvalt pensum. Raporten skal vere på ca 6 sider og leverast mot slutten av kurset. Han vil bli evaluert etter skalaen A-F. | Undervisning Seminar og forelesingar, arbeidsoppgver og studentframlegg. | Arbeidskrav
Studentene gir korte, muntlige seminar-innlegg som må godkjennes.Ei oppgave i løpet av kurset på ca 12-15 sider.
| Eksamen og vurdering Eksamen består av seminarinnlegg og rapport som leverast til slutt på intensivkurset og får karakter etter skalaen A-F. Rapporten skal vere på ca. 6 sider.Deltaking i kurset og på ekskursjonane er obligatorisk for deltakarane, og må vere gjennomført for å få levere rapport. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet. | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=HIS-3006-1 |
|