Tilbake til normal visning

NOR-3032: Sosiolingvistikk

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Første eller andre år på masternivå.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Vår
Mål
Emnet skal gje fagleg fordjuping og teoretisk innsyn i utvalde sider av tilhøvet mellom språk og samfunn.
Innhold
Tema for emnet er språkbruk og språkleg variasjon sett i lys av utanomspråklege tilhøve som geografi, sosial gruppe, kjønn, alder, kommunikasjonssituasjon o.a., og både teoretiske drøftingar og empiriske granskingar kan bli trekte inn. Kva for sosiolingvistiske forhold som blir tatt opp, og vektlegginga av teori og empiri kan variere frå semester til semester. Våren 2006 er ungdomsspråk og språkkontakt hovudtema.
Undervisning
Undervisninga blir gjeven i form av 6 dobbeltimar frå veke 3-8.
Arbeidskrav

Ein munnleg presentasjon.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: Munnleg presentasjon av ein artikkel som inngår i pensumet. Eksamen: Semesteroppgåve (ca. 10 s.) med sjølvvald emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret og leverast innan fastsett frist. Valfri målform: bokmål eller nynorsk.
Kontaktperson
Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen E-post: Aud.Kirsti.Pedersen@hum.uit.no Tlf.: 776 44 217
Pensum
http://uit.no/humfak/3509/
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-3032-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 31.10.2006 20:47
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik