Tilbake til normal visning

NOR-2017: Nordisk språkvitenskap: Språknormering og språkriktighet

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Studentane skal gjere greie for sentrale normeringsspørsmål i norsk - og i kva grad nasjonale, sosiale og pedagogiske omsyn har legi til grunn for normeringa av dei to skriftspråka våre. Vidare skal dei ha tileigna seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den språklege kvaliteten i ulike tekstar, t.d. frå aviser, offentleg språkbruk og ulike typar fagspråk.
Innhold
Studiet inkluderer språknormeringsteori, normering av bokmål og nynorsk i eit historisk perspektiv og aktuelle normeringsspørsmål i dei to målformene i dag. Ein vil også komme inn på språkriktigheitsspørsmål, bl.a. drøfting av kvifor éin uttrykksmåte kan sjåast på som betre enn ein annan.

Dette kurset vil ikkje bli gitt regelmessig, men er eit døme på aktuelle kurs.
Undervisning
Undervisninga er lagd opp som ein kombinasjon av forelesingar og seminar. Undervisninga i byrjinga av semesteret (dei fyrste tolv vekene) skal fyrst og fremst gi studentane grunnlag for å skrive ei semesteroppgåve innafor språknormering/språkriktigheit. Emnet for oppgåva vel studenten i samråd med faglæraren. Etter den fyrste undervisningsfasen kjem det ein undervisningsfri periode på fire veker da studentane arbeider med semesteroppgåva. I slutten av semesteret blir det undervist i stoff som studentane blir prøvd i til munnleg eksamen. Innom ein fastsett frist leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren.
Eksamen og vurdering
14-dagers heimeoppgåve (10-12 sider) og munnleg eksamen.Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.Emnet for oppgåva skal godkjennast av faglærar før ein frist som vert oppgitt ved starten av semesteret.

Kontaktperson
Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Emnet overlapper disse emnene
NORDMFS -1      10 sp
NOR-2027 -1      10 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-2017-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 31.10.2006 20:42
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik