|
NOR-6002: Eldre språk og språkutvikling - videreutdanning for lærere Omfang 7 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Etter- og videreutdanning. | Undervisningsspråk Norsk. | Eksamenssemester Høst | Mål Kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om den norrøne språkstrukturen med hovudvekt på dei sidene ved grammatikken som er viktige for å forstå språkutviklinga fram mot moderne tid, men også med sikte på å bli i stand til å omsetje normalisert norrøn prosa. Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling, og i nokon monn nordisk språkutvikling, frå dei eldste tider fram til i dag. Det gjeld dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga.
Saman med NOR-6001, NOR-6101 og NOR-6102 skal kurset gje grunnlag for fagstudium på mellomnivå (2000-nivå). | Innhold Gjennom studiet av språkutviklinga skal ein setje seg inn i korleis det fonologiske og morfologiske systemet har endra seg frå norrøn tid og fram til moderne talemål først og fremst i norsk, men også i andre nordiske språk, og ein skal dessutan setje seg inn i dei viktigaste syntaktiske skilnadene mellom norrønt og moderne mål. I tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av skriftspråket fram til moderne tid. | Undervisning Undervisninga vil bli gjeven parallelt med NOR-6102 i form av samlingar og internettbasert kommunikasjon mellom lærar og student. | Arbeidskrav
Ei skriftleg oppgåve.
| Eksamen og vurdering For å kunne gå opp til eksamen må ein ha levert ei skriftleg oppgåve og fått henne godkjend av faglærar. Skriftleg skoleeksamen (6 timar). Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk. | Datoer for skoleeksamen 13.11.2006 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. | Kontaktperson Førstelektor Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson, tlf.: 776 46587, e-post: gunnar.hrafnbjargarson@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet. | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-6002-1 |
|