Tilbake til normal visning

NOR-3052: Eldre språk

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Første eller andre år på masternivå.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Emnet skal gje fagleg fordjuping og teoretisk innsyn i ulike sider ved historia til norsk og eventuelt andre nordiske språk i eldre tid.
Innhold
Studiet av eldre språk omfattar historia til norsk og andre nordiske språk frå dei eldste tider og fram til tidleg moderne tid. Vekta kan i vekslande grad bli lagd på oversyn over heile tidsrommet og på konsentrasjon om einskilde tema. Fenomena som blir studerte, vil kunne vere reint språklege eller gjelde tilhøvet mellom språk og samfunn i eldre tid. Dei vil vidare kunne bli studerte frå både empirisk og teoretisk synsvinkel.
Undervisning
Undervisninga blir gjeven i form av 7 dobbeltimar i første halvdel av semesteret.
Eksamen og vurdering
Heimeoppgåve (1 veke, 10-12 sider) med oppgjeve emne som skal skrivast utan rettleiing og leverast innan fastsett frist. Valfri målform: bokmål eller nynorsk.
Kontaktperson
Førstelektor Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson, tlf.: 776 46587, e-post: gunnar.hrafnbjargarson@hum.uit.no
Pensum
http://uit.no/humfak/3509/
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2006&department=ALLE&module=NOR-3052-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 31.10.2006 20:48
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen