|
NOR-2027: Språknormering og språkriktighet. Spesialemne for utenlandske studenter. Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Mål Studentane skal gjere greie for sentrale normeringsspørsmål i norsk - og i kva grad nasjonale, sosiale og pedagogiske omsyn har legi til grunn for normeringa av dei to skriftspråka våre. Vidare skal dei ha tileigna seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den språklege kvaliteten i ulike tekstar, t.d. frå aviser, offentleg språkbruk og ulike typar fagspråk. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Studiet inkluderer språknormeringsteori, normering av bokmål og nynorsk i eit historisk perspektiv og aktuelle normeringsspørsmål i dei to målformene i dag. Ein vil også komme inn på språkriktigheitsspørsmål, bl.a. drøfting av kvifor éin uttrykksmåte kan sjåast på som betre enn ein annan. | Undervisning Undervisninga er lagd opp som ein kombinasjon av forelesingar og seminar. Undervisninga i byrjinga av semesteret (dei fyrste tolv vekene) skal fyrst og fremst gi studentane grunnlag for å skrive ei semesteroppgåve innafor språknormering/språkriktigheit. Emnet for oppgåva vel studenten i samråd med faglæraren. Etter den fyrste undervisningsfasen kjem det ein undervisningsfri periode på fire veker da studentane arbeider med semesteroppgåva. I slutten av semesteret blir det undervist i stoff som studentane blir prøvd i til munnleg eksamen. Innom ein fastsett frist leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren. | Eksamen og vurdering Vurderingsform: Heimeoppgåve (10-12 sider) og munnleg eksamen. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.
Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur. | Kontaktperson Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Emnet overlapper disse emnene NOR-2017 -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2007&department=ALLE&module=NOR-2027-1 |
|