|
NOR-2300: Paal-Helge Haugens forfatterskap. Spesialemne for utenlandske studenter. Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje år. | Undervisningsspråk Norsk. | Mål Studentane vil få innsyn i eit av dei sentrale forfattarskapane i nyara norsk litteratur. Dei vil óg få noko innsikt i aktuell teoridaning og arbeidsmetodikk innanfor det interartielle feltet, særlig i relasjonen mellom litteratur og biletkunst og litteratur og musikk. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Kurset vil gi innsikt i sentrale delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap innanfor eit interartielt perspektiv. Kurset følgjer utviklinga i forfattarskapen og omfattar romanar, skode-/syngjespel og dikt. Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar(utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium. | Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg.Undervisninga er lagt over 13 veker med tre timar i gjennomsnitt pr. veke soleis at det blir fem undervisningsfrie studieveker i løpet av semesteret. Undervisning i veke 34 - 38 og 40 - 48. | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på minimum 20 minutt.
| Eksamen og vurdering Studentane skal halde eitt førebudd innlegg på minimum 20 minutt over eit oppgjeve tema. Innlegget skal godkjennast av faglærar.Studentane skal skrive semesteroppgåve under rettleiing. Studenten vel sjølv oppgåve og får emnet godkjent av faglærar. Oppgåva skal vere på om lag 15 sider (eksklusive litteraturliste og/eller appendiks). Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur. | Kontaktperson Professor Ole Karlsen. Tlf.: 776 46 502. E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet. | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2007&department=ALLE&module=NOR-2300-1 |
|