Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4

Startsiden

Studietorget
For studenter
For studiesøkere

Studietilbod
Rettleiing
Logg på
Studentliv
Akademisk år
Info
Frå A til Å
Nyheiter
Kontaktinfo
Kart over UiTø
  
 
Language:

 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studier › studietilbud › emner › 8704 › 923
Printer friendly

NOR-1020: Eldre språk og språkutvikling. Spesialemne for utenlandske studenter

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis første eller andre året.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Vår
Mål
Kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om den norrøne språkstrukturen med hovudvekt på dei sidene ved grammatikken som er viktige for å forstå språkutviklinga fram mot moderne tid, men også med sikte på å bli i stand til å omsetje normalisert norrøn prosa. Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling, og i nokon monn nordisk språkutvikling, frå dei eldste tider fram til i dag. Det gjeld dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Gjennom studiet av språkutviklinga skal ein setje seg inn i korleis det fonologiske og morfologiske systemet har endra seg frå norrøn tid og fram til moderne talemål først og fremst i norsk, men også i andre nordiske språk, og ein skal dessutan setje seg inn i dei viktigaste syntaktiske skilnadene mellom norrønt og moderne mål. I tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av skriftspråket fram til moderne tid.

Formelle forkunnskapskrav:
Generell studiekompetanse. I tillegg blir det kravt norskkunnskapar tilsvarande NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar: eit semesters studium som igjen er basert på forkunnskapar tilsvarande bestått Norsk trinn-III-kurs/Bergens-testen.
Undervisning
Undervisninga består av i gjennomsnitt 4 timar forelesing/seminar pr. veke i 13 veker. I samband med undervisninga vil det jamleg bli gjeve øvingsoppgåver. Veker utan undervisning skal nyttast til sjølvstudium og oppgåveskriving.
Arbeidskrav

To skriftlege oppgåver.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen skal ein ha fått godkjent to skriftlege oppgåver:
- ei omsetjing av ein norrøn tekst med språklege kommentarar
- ei utgreiing om eit emne frå eldre språkhistorie

Eksamen:
Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semestret.Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk
Datoer for skoleeksamen
21.05.2007
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Kontaktperson
Norrønt: Hjelpelærar Philipp Conzett, tlf. 77 64 52 33, e-post: Philipp.Conzett@hum.uit.no
Eldre språkhistorie: Professor Gulbrand Alhaug, tlf. 776 44 277, e-post: Gulbrand.Alhaug@hum.uit.no
Pensum
http://uit.no/humfak/pensumlister/349
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2007&department=ALLE&module=NOR-1020-1

Undervisning våren 2007
Første forelesning: Mandag 08. januar kl 1015, rom E 0104
ForelesningSamkøres med NOR-1010.
Timeplan: se NOR-1010
Foreleser Professor Gulbrand Alhaug

Foreleser Philipp Conzett


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 04.12.2006 20:15
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1-15 av 1833
   
ALI-1111
ALI-1130
ALI-2110
ALI-2111
ALI-2112
ALI-2141
ALI-2162
ALI-3100
ALI-3101
ALI-3102
ALI-3110
ALI-3910
ALI-8900
ALITTDG
ALITTDRSP1
set width of right cell in netscape 4