Tilbake til normal visning

NOR-2022: Innføring i navnegransking. Spesialemne for utenlandske studenter

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Ein skal setje seg inn i sentrale aspekt ved namnegranskinga, særleg personnamna (moteretningar og strukturelle trekk ved namna). Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Studiet gjev ei innføring i namnegransking. Det blir lagt særleg vekt på personnamn, m.a. moteretningar frå 1700 fram til i dag og strukturelle trekk ved dei ulike namnetypane. Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium.
Undervisning
Totalt 26 timar (13 dobbelttimar. Undervisninga skjer i form av forelesingar, seminar og øvingar. Dei undervisningsfrie periodane blir brukte til sjølvstudium og oppgåveskriving.
Eksamen og vurdering
Studentane skal i slutten av semestret levere ei semesteroppgåve. Lengda på oppgåva skal vere på om lag 10-12 sider (el. rundt 24000 teikn). Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur. Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Kontaktperson
Professor Gulbrand Alhaug E-post: gulbrand.alhaug@hum.uit.no Tlf.: 776 44 2 77
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 30.11.2007 12:05
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes