|
NOR-2313: Jon Fosses forfatterskap. Spesialemne for utenlandske studenter. Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Høst
| Mål Emnet skal gi innsikt i Jon Fosses forfattarskap, i sjangerteori og i praktisk tolking av epikk, lyrikk og dramatikk.
Emnet gir ikkje kompetanse til å undervise i norsk skole. | Innhold Emnet gir ei fordjuping i Jon Fosses forfattarskap. I tillegg til å presentere sentrale verk og utviklingsliner i forfattarskapen, sjangerspreiing og sjangerblanding, omfattar emnet ein teori- og metodekomponent der sjanger står sentralt.
Emnet er eit tilbod til internasjonale studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet.
Det blir tilrådd at studentane har forkunnskapar i norsk tilsvarande NOR-0100 Norsk språk, litteratur og kultur for internasjonale studentar, og kunnskapar tilsvarande emna på 1000-nivå i nordisk litteratur (NOR-1120, NOR-1121, NOR-1122).
Pensumlitteraturen må kunne lesast på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk.
Dersom studenten seinare tar NOR-2113, fell studiepoenga for dette emnet bort.
| Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timar pr. veke i 13 veker. Det vil bli lagt inn undervisningsfrie veker i semesteret. | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten halde eit førebudd munnleg innlegg på om lag 15 minutt. Innlegget skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsform: 7 dagars heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på 10-12 sider.
Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamensspråk: Norsk, dansk, svensk.
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
| Kontaktperson Førsteamanuensis Lisbeth Pettersen Wærp, e-post: lisbeth.waerp@hum.uit.no, tlf. 776 46 445
| Pensum Sjå heimesidene våre: http://uit.no/humfak/pensumlister/ | Emnet overlapper disse emnene NOR-3113 -1 10 sp NOR-2113 -1 10 sp |
Undervisning høsten 2007
Første gang: Se timeplan på nett | | Forelesning | Samkjøres med NOR-2113. Timeplan: Se NOR-2113 Første forelesning: Tirsdag 14. august kl 1215, rom A 3018
Foreleser Lisbeth Pettersen Wærp
| | Hjemmeeksamen | Oppgave utlevering: Fredag 30. november. Innlevering fredag 07. desember. |
|