Tilbake til normal visning

NOR-1010: Nordisk språkvitenskap. Eldre språk og språkutvikling

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis første eller andre året.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Vår
Mål
Kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om den norrøne språkstrukturen med hovudvekt på dei sidene ved grammatikken som er viktige for å forstå språkutviklinga fram mot moderne tid, men også med sikte på å bli i stand til å omsetje normalisert norrøn prosa. Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling, og i nokon monn nordisk språkutvikling, frå dei eldste tider fram til i dag. Det gjeld dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga.
Innhold
Gjennom studiet av språkutviklinga skal ein setje seg inn i korleis det fonologiske og morfologiske systemet har endra seg frå norrøn tid og fram til moderne talemål først og fremst i norsk, men også i andre nordiske språk, og ein skal dessutan setje seg inn i dei viktigaste syntaktiske skilnadene mellom norrønt og moderne mål. I tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av skriftspråket fram til moderne tid.
Emnet er obligatorisk i studieretning i nordisk i bachelogradsprogrammet i språk og litteratur, elles valfritt.
Undervisning
Undervisninga består av i gjennomsnitt 4 timar forelesing/seminar pr. veke i 13 veker. I samband med undervisninga vil det jamleg bli gjeve øvingsoppgåver. Veker utan undervisning skal nyttast til sjølvstudium og oppgåveskriving.
Arbeidskrav

To skriftlege oppgåver.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen, skal ein ha fått godkjent to skriftlege oppgåver:
- ei omsetjing av ein norrøn tekst med språklege kommentarar
- ei utgreiing om eit emne frå eldre språkhistorie
Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semestret. Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.

Målform ved eksamen: nynorsk.
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Kontaktperson
Norrønt: Hjelpelærar Philipp Conzett, tlf. 77 64 52 33, e-post: Philipp.Conzett@hum.uit.no
Eldre språkhistorie: Professor Gulbrand Alhaug, tlf. 776 44 277, e-post: Gulbrand.Alhaug@hum.uit.no
Pensum
http://uit.no/humfak/3509/
Emnet overlapper disse emnene
NORD-101 -1      6 sp


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 30.11.2007 12:10
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes