|
NOR-1022: Språk og samfunn. Talemålsvariasjon og skriftspråknormering. Spesialemne for utenlandske studenter Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis første eller andre året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Høst
| Mål Studiet skal gje innsikt i korleis dagens norske talemål er blitt utvikla i eit historisk perspektiv, og på grunnlag av talemålet som språksystem (jf. NOR-1011), skal studentane få innsikt i korleis talemålet varierer i høve til geografiske, sosiale og kulturelle forhold. Studiet gjev i nokon monn også innsikt i den danske og svenske talemålssituasjonen. Studentane skal bli kjende med teori og metodar i talemålsstudium og bli i stand til å nytte desse kunnskapane i eige arbeid. Gjennom studium av skriftspråknormering skal studentane bli kjende med ulike sider som gjeld for norsk, og i nokon monn svensk og dansk, skriftspråknormering. Emnet gjev ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold
Studiet legg vekt på å vise den historiske utviklinga som ligg til grunn for dagens norske talemål, og i nokon monn eit innblikk i utviklinga av dansk og svensk talemål. Det blir gjeve ei innføring i geografisk, sosial, etnolektisk og aldersavhenging variasjon i norsk talemål. Nordnorske språkforhold blir vektlagde. Det blir gjeve ei innføring i språkhistoriske og sentrale sosiolingvistiske omgrep, problemstillingar og metodar knytt til utforskinga av talemål inngår i studiet. Emnet gjev også ei innføring i norsk, og i nokon monn, svensk og dansk skriftspråknormering. Tilrådde forkunnskapar: NOR-1020 og NOR-1021 eller tilsvarande. | Undervisning Undervisninga blir gjeven i haustsemestret.
I semestret er det 52 undervisningstimar, og undervisninga blir gjeven med fire timar i veka i 13 veker gjennom heile semestret. I tillegg til å følgje undervisninga blir det pårekna oppgåveskriving og sjølvstudium. | Arbeidskrav
Ei skriftleg oppgåve.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen må ein ha levert ei skriftleg oppgåve innan fastsett frist og fått ho godkjent av faglærar. Vurderingsform: Skoleeksamen på 6 timar. Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tek eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Eksamensspråk: Norsk, dansk eller svensk. | Datoer for skoleeksamen 12.12.2007 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. | Kontaktperson Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen, tlf.: 776 44 217, e-post: aud.kirsti.pedersen@hum.uit.no Stipendiat Christine Bjerkan Østbø, tlf. 776 44 273, e-mail: christine.bjerkan.ostbo@hum.uit.no | Pensum Sjå heimesidene våre: http://uit.no/humfak/pensumlister/ | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2007&department=ALLE&module=NOR-1022-1 |
Undervisning høsten 2007 Første gang: Se timeplan på nett | | Forelesning | Samkjøres med NOR-1012. Timeplan: Se NOR-1012 Første forelesning: Fredag 17. august kl 1215, rom E 0104
Foreleser F.aman. Aud Kirsti Pedersen
Foreleser Christine Bjerkan Østbø
|
|