|
NOR-2011: Nordisk språkvitenskap: Dialektologi/sosiolingvistikk med vekt på nordnorske språkforhold Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Høst
| Mål Studiet gjev kunnskap om språkleg variasjon, talemålsendring, fleirspråklegheit, dialekt- og språkkontakt og vilkåra for at desse forholda oppstår. | Innhold Sentrale emne i studiet er fleirspråklegheit, språkleg variasjon, talemålsendring, dialekt- og språkkontakt, med vekt på nordnorske forhold. | Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker. Det vil bli lagt inn undervisningsfrie veker i semesteret. Den undervisningsfrie perioden kan brukast til sjølvstudium og skriving av semesteroppgåve. Undervisningsspråk: Norsk. | Arbeidskrav
Munnleg presentasjon av temaet for semesteroppgåva.
| Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: Studentane skal presentere temaet for semesteroppgåva på eit seminar om lag halvvegs i semestret. Vurderingsform: Semesteroppgåve (ca. 10-15 s.) med sjølvvald emne. Formålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til eitt eller fleire nordnorske språksamfunn. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret og leverast innan fastsett frist. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva. Valfri målform, bokmål eller nynorsk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F). | Kontaktperson Førsteamanuensis Hilde Sollid. E-post: hilde.sollid@uis.no. Tlf. 918 43 115. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Emnet overlapper disse emnene NORDMFS -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2007&department=ALLE&module=NOR-2011-1 |
Undervisning høsten 2007
Første gang: Se timeplan på nett | | Forelesning | Samkjøres med NOR-2021. Første forelesning: Fredag 17. august kl 1015, rom A 3018
Foreleser Hilde Sollid
| | Hjemmeeksamen | Oppgave - innlevering: Onsdag 12. desember. |
|