Tilbake til normal visning

NOR-2119: Nordnorsk litteratur etter 1900

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Målet for studiet er å auke medvitet til studentane om dei teoretiske og metodiske problem som kan bli reist i samband med regional litteraturforsking, og å auke kunnskapen om den nordnorske litteraturen som ein særeigen del av den norske nasjonallitteraturen.
Innhold
I nordnorsk litteraturhistorie kan vi finne mange døme på den spenning mellom periferi og sentrum som synest å vere eit allment trekk ved europeisk kultur heilt attende til antikken. I dette kurset vil hovudvekta bli lagt på sentrale nordnorske verk frå tida etter 1900, og vi vil freista å lesa tekstane inn i både ein regional nordnorsk og ein nasjonal norsk litteraturhistorisk samanheng. Anbefalte forkunnskaper: NOR-1110, NOR-1111, NOR-1112 ¿ eller tilsvarande.
Undervisning
Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker. Det vil bli lagt inn undervisningsfrie veker i semesteret.
Arbeidskrav

Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten halde eit førebudd munnleg innlegg på om lag 15 minutt. Innlegget skal godkjennast av faglærar. Vurderingsform: Skoleeksamen på 6 timar. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Kontaktperson
Førsteamanuensis Nils Magne Knutsen, e-post: Nils.Magne.Knutsen@hum.uit.no, tlf. 776 44 232
Pensum
http://uit.no/humfak/3509/
Emnet overlapper disse emnene
NOR-3119 -1      10 sp


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 30.11.2007 11:54
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes