Tilbake til normal visning

NOR-1012: Nordisk språkvitenskap: Språk og samfunn. Talemålsvariasjon og skriftspråknormering

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis første eller andre året.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Høst
Mål
Studiet skal gje innsikt i korleis dagens norske talemål er blitt utvikla i eit historisk perspektiv, og på grunnlag av talemålet som språksystem (jf. NOR-1011), skal studentane få innsikt i korleis talemålet varierer i høve til geografiske, sosiale og kulturelle forhold. Studiet gjev i nokon monn også innsikt i den danske og svenske talemålssituasjonen. Studentane skal bli kjende med teori og metodar i talemålsstudium og bli i stand til å nytte desse kunnskapane i eige arbeid. Gjennom studium av skriftspråknormering skal studentane bli kjende med ulike sider som gjeld for norsk, og i nokon monn svensk og dansk, skriftspråknormering.
Innhold

Studiet legg vekt på å vise den historiske utviklinga som ligg til grunn for dagens norske talemål, og i nokon monn eit innblikk i utviklinga av dansk og svensk talemål. Det blir gjeve ei innføring i geografisk, sosial, etnolektisk og aldersavhenging variasjon i norsk talemål. Nordnorske språkforhold blir vektlagde. Det blir gjeve ei innføring i språkhistoriske og sentrale sosiolingvistiske omgrep, problemstillingar og metodar knytt til utforskinga av talemål inngår i studiet. Emnet gjev også ei innføring i norsk, og i nokon monn, svensk og dansk skriftspråknormering.

Tilrådde forkunnskapar: EXF-0720, EXF-0723, NOR-1010 og NOR-1011 eller tilsvarande.

Undervisning
Undervisninga blir gitt i haustsemestret.I semestret er det 52 undervisningstimar, og undervisninga blir gjeven med fire timar i veka i 13 veker gjennom heile semestret. I tillegg til å følgje undervisninga blir det pårekna oppgåveskriving og sjølvstudium.
Arbeidskrav

Ei skriftleg oppgåve, målform: nynorsk.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen må ein ha levert ei skriftleg oppgåve innan fastsett frist og fått ho godkjent av faglærar. Vurderingsform: Skoleeksamen på 6 timar. Målform: valfri - bokmål eller nynorsk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Datoer for skoleeksamen
12.12.2007
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Kontaktperson
Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen, tlf.: 776 44 217, e-post: aud.kirsti.pedersen@hum.uit.no Stipendiat Christine Bjerkan Østbø, tlf. 776 44 273, e-post: christine.bjerkan.ostbo@hum.uit.no
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Emnet overlapper disse emnene
NORD-102 -1      10 sp

Undervisning høsten 2007
Første gang: Se timeplan på nett
ForelesningSamkjøres med NOR-1022
Første forelesning: Fredag 17. august kl 1215, rom E 0104

Foreleser F.aman. Aud Kirsti Pedersen

Foreleser Christine Bjerkan Østbø


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 30.11.2007 11:55
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes