|
NOR-2400: Paal-Helge Haugens forfatterskap Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje år. | Undervisningsspråk Norsk. | Eksamenssemester Høst
| Mål Studentane vil få innsyn i eit av dei sentrale forfattarskapane i nyare norsk litteratur, spesielt i dei sjanger- og kunstartkryssande aspekta som er typiske for forfatterskapet, og i sekundærlitteraturen om forfattarskapen. Studentane vil samstundes få ei fordjuping i dei litteraturhistoriske tilhøva som har prega perioden frå 1965 til i dag. | Innhold Kurset vil gi innsikt i sentrale delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap innanfor eit interartielt perspektiv. Kurset følgjer utviklinga i forfattarskapen og omfattar romanar, skode-/syngjespel og dikt. Forskunnskaper: NOR-1110, NOR-1111 og NOR-1112, eller tilsvarande, helst òg dei språklege kursa frå grunnivået. Pensumlitteraturen finst på norsk, skandinaviske språk og engelsk. | Undervisning Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg over tre helgar (fredag-laurdag). Undervisning i veke 35, 39 og 44. | Arbeidskrav
Eit førebudd munnleg innlegg på minimum 20 minutt.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: Studentane skal halde eitt førebudd innlegg på minimum 20 minutt over eit oppgjeve tema. Innlegget skal godkjennast av faglærar. Vurderingsform: Studentane skal skrive semesteroppgåve under rettleiing. Studenten vel sjølv oppgåve og får emnet godkjent av faglærar. Oppgåva skal vere på om lag 15 sider (eksklusive litteraturliste og/eller appendiks). Valfri målform, bokmål eller nynorsk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F). | Kontaktperson Professor Ole Karlsen. Tlf.: 776 46 502. E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet. | Emnet overlapper disse emnene NOR-2300 -1 10 sp NOR-3400 -1 10 sp |
|