Tilbake til normal visning

NOR-2400: Paal-Helge Haugens forfatterskap

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje år.
Undervisningsspråk
Norsk.
Eksamenssemester
Høst
Mål
Studentane vil få innsyn i eit av dei sentrale forfattarskapane i nyare norsk litteratur, spesielt i dei sjanger- og kunstartkryssande aspekta som er typiske for forfatterskapet, og i sekundærlitteraturen om forfattarskapen. Studentane vil samstundes få ei fordjuping i dei litteraturhistoriske tilhøva som har prega perioden frå 1965 til i dag.
Innhold
Kurset vil gi innsikt i sentrale delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap innanfor eit interartielt perspektiv. Kurset følgjer utviklinga i forfattarskapen og omfattar romanar, skode-/syngjespel og dikt. Forskunnskaper: NOR-1110, NOR-1111 og NOR-1112, eller tilsvarande, helst òg dei språklege kursa frå grunnivået. Pensumlitteraturen finst på norsk, skandinaviske språk og engelsk.
Undervisning
Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg over tre helgar (fredag-laurdag). Undervisning i veke 35, 39 og 44.
Arbeidskrav

Eit førebudd munnleg innlegg på minimum 20 minutt.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: Studentane skal halde eitt førebudd innlegg på minimum 20 minutt over eit oppgjeve tema. Innlegget skal godkjennast av faglærar. Vurderingsform: Studentane skal skrive semesteroppgåve under rettleiing. Studenten vel sjølv oppgåve og får emnet godkjent av faglærar. Oppgåva skal vere på om lag 15 sider (eksklusive litteraturliste og/eller appendiks). Valfri målform, bokmål eller nynorsk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
Kontaktperson
Professor Ole Karlsen. Tlf.: 776 46 502. E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet.
Emnet overlapper disse emnene
NOR-2300 -1      10 sp
NOR-3400 -1      10 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=NOR-2400-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 20.02.2008 22:15
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes