Tilbake til normal visning

NOR-3400: Paal-Helge Haugens forfatterskap

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Første eller andre året på masternivå.
Undervisningsspråk
Norsk.
Eksamenssemester
Høst
Mål
Studentane vil få innsyn i eit av dei sentrale forfattarskapane i nyara norsk litteratur. Dei vil óg få noko innsikt i aktuell teoridaning og arbeidsmetodikk innanfor det interartielle feltet, særlig i relasjonen mellom litteratur og biletkunst og litteratur og musikk.
Innhold
Kurset vil gi innsikt i sentrale delar av Paal-Helge Haugens forfattarskap innanfor eit interartielt perspektiv. Kurset følgjer utviklinga i forfattarskapen og omfattar romanar, skode-/syngjespel og dikt innanfor eit interartielt perspektiv. Studentane skal arbeide med dikt, romanar, skode-/syngjespel, til saman 7 verk. Dessutan om lag 300 sider interartiell teori anten i originalspråk eller i omsetjing (norsk, engelsk).
Undervisning
Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg over tre helgar (fredag-laurdag). Undervisning i veke 35, 39 og 44.
Arbeidskrav

Eitt førebudd munnleg innlegg på minimum 20 minutt.
Eksamen og vurdering
Studentane skal halde eitt førebudd innlegg på minimum 20 minutt over eit oppgjeve tema. Innlegget skal godkjennast av faglærar.7 dagars heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på om lag 12 sider.
Kontaktperson
Professor Ole Karlsen. Tlf.: 776 46 502. E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet.
Emnet overlapper disse emnene
NOR-2300 -1      10 sp
NOR-2400 -1      10 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=NOR-3400-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 20.02.2008 22:17
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes