Tilbake til normal visning

NOR-3910: Mastergradsoppgave i nordisk litteratur

Omfang
60  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Første eller andre året på masternivå.
Undervisningsspråk
Norsk
Eksamenssemester
Vår, Høst
Mål
Gjennom å utføre eit større sjølvstendig vitskapleg arbeid over ein periode på eit år får studenten spisskompetanse innafor eit avgrensa felt og samtidig ein generell kompetanse for vitskapleg og anna arbeid innafor faget. Ved å bearbeide og organisere eit stort materiale, stille relevante spørsmål og ha ein adekvat metodikk vil studenten også få kompetanse i prosjektarbeid/problemløysing. I tillegg til dette vil studenten få særs god trening i å formulere og presentere eit stort materiale i skriftlig form.
Innhold
Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg gransking over eit sjølvvalt emne, godkjent av den faglæraren som blir oppnemnd til rettleiar. Lengda på masteroppgåva bør vere 80-130 sider (maskinskrivne med margar på 2,5-3,0 cm, linjeavstand 1,5 og 12 punkt skriftstorleik). I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gå ut over det tilrådde sidetalet, særlig når materialpresentasjonen tar mye plass. Karakteren på masteroppgåva skal ikkje vere avhengig av omfanget på avhandlinga så lenge ho er over minimumslengda, men av korleis emnet for oppgåva er behandla.
Undervisning

Studentane skriv oppgåve under rettleiing.

Det vil òág bli arrangert skriveseminar for å stø opp om arbeidet med mastergradsoppgåva. Seminaret blir vanlegvis arrangert kvart semester og er retta mot alle masterstudentar, også dei som ikkje har begynt å skrive. Studentane leverer lause prosjektidéar, prosjektskisse eller utkast til kapittel frå masteroppgåva til gjennomsyn, diskusjon og konstruktiv kritikk frå medstudentar og forelesar. Det vil òág vere rom for å ta opp oppgåvetekniske problem og liknande.

Våren 2008 vil det vere seminar fredagar (kl. 11.15-13.00) i veke 4, 6, 8, 10, 13 og 17 (sjå også timeplanen nedafor). Kontaktperson for skriveseminaret våren 2008: Førsteamanuensis Lisbeth Pettersen Wærp, e-post: lisbeth.waerp@hum.uit.no, tlf. 776 46 445

Første møte: fredag 25. januar, kl. 1115-1300.

Plan for avhandlingseminaret fredag 25. januar:

- Introduksjon

- Utkast til kap. i mastergradsavhandling om Jan Kjærstads roman Kongen av Europa (2005)

- Planen for resten av seminaret. Her bør kvar og ein tenkje gjennom når det kunne passe å leggje fram noko. Dei aktuelle datoane for distansestudentane vil vere 25. januar, 7. mars og 25. april. For dei ordinære studentane er ytterlegare tre gonger aktuelle: 8. februar, 22. februar og 25. april.

Eksamen og vurdering

Masteroppgåva skal innleverast i det siste semesteret av studiet innafor dei generelle fristar som gjeld ved fakultetet.

Saman med papirversjonen skal studenten levere ein elektronisk versjon av oppgåva. Innlevering skal skje i samsvar med instruksen utarbeidd av Universitetsbiblioteket i Tromsø. Studenten skal samtidig skrive under på ein forpliktande avtale mellom vedkomande sjølv og fakultetet.

Vurdering: Bokstavkarakterar (A-F).

Kontaktperson
Studiekonsulent Anita Garden. Tlf. 776 44228. E-post: anita.garden@hum.uit.no
Emnet overlapper disse emnene
NORDHFO -H03      60 sp
NORDHFO -1      60 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=NOR-3910-1

Undervisning våren 2008
Første forelesning: Fredag 25. januar kl 1115, rom C 1002
SkrivekursUregelmessig, men alltid samme ukene som helgesamlingene i NOR-3117.
Foreleser Lisbeth Pettersen Wærp


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 20.02.2008 22:19
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes