|
HIF-2012: Flerspråklighet Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk | Emnenivå/studieår Vanligvis andre året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Vår
| Mål Studentane skal få teoretisk innsikt i ulike sider ved fleirspråklegheit og gjennom det få grunnlag til å forstå språkforholda i ulike slag fleirspråklege og fleirdialektale samfunn. Emnet er obligatorisk i finsk på 2000-nivå, valfritt som språkemne på 2000-nivå i studieretning i nordisk språk og litteratur. Elles valfritt. | Innhold Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, kontakt mellom ulike språk og utvikling av pidgin- og kreolspråk og fleirspråklege namn. Vekta ligg på det fleirspråklege Nordkalotten. Vektlegginga av emna i kurset kan elles variere. | Undervisning Undervisninga blir dels gjeven som eit nettbasert studium med øvingsoppgåver o.l., dels som intensiv undervisning i to dagar med forelesingar og seminar 8 timar kvar gong, fredag 8. februar og fredag 11. april. | Arbeidskrav
Skriftlege oppgåver.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: Skriftlege oppgåver som må vere godkjende av faglæraren før semesteroppgåva blir innlevert. Arbeidskrav blir vurdert med godkjend/ikkje godkjend.
Vurderingsform: Semesteroppgåve over eit sjølvvalt tema. Oppgåve kan skrivast individuelt eller i gruppe på 2 eller 3. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider, mens ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Formålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante språkforhold i eitt eller fleire samfunn. Innleveringsfrist: onsdag 11. juni 2008. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar (A-F). | Kontaktperson Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen. E-post: Aud.Kirsti.Pedersen@hum.uit.no. Tlf.: 77 64 42 17. Førsteamanuensis Irene Andreassen. E-post: Irene.Andreassen@hifm.no. Tlf.: 78 45 02 57 | Pensum http://uit.no/humfak/3509/ |
Undervisning våren 2008
Første forelesning: Fredag 8. februar kl 0900, rom E 0103. | | Forelesning | Blir samkjørt med finsk. 10 timar nettundervisning og 16 timar intensiv undervisning i veke 6 og 15. Foreleser Irene Andreassen
Foreleser F.aman. Aud Kirsti Pedersen
| | Semesteroppgåve | Innlevering av semesteroppgåve: Onsdag 11. juni. |
|