|
NOR-1010: Nordisk språkvitenskap. Eldre språk og språkutvikling Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis første eller andre året. | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Vår
| Mål Kurset skal gje grunnleggjande kunnskapar om den norrøne språkstrukturen med hovudvekt på dei sidene ved grammatikken som er viktige for å forstå språkutviklinga fram mot moderne tid, men også med sikte på å bli i stand til å omsetje normalisert norrøn prosa. Studentane skal kunne gjere greie for hovuddraga i norsk språkutvikling, og i nokon monn nordisk språkutvikling, frå dei eldste tider fram til i dag. Det gjeld dei viktigaste endringane i språksystemet og dei kulturelle, sosiale og politiske tilhøva som har verka inn på språkutviklinga. | Innhold Gjennom studiet av språkutviklinga skal ein setje seg inn i korleis det fonologiske og morfologiske systemet har endra seg frå norrøn tid og fram til moderne talemål først og fremst i norsk, men også i andre nordiske språk, og ein skal dessutan setje seg inn i dei viktigaste syntaktiske skilnadene mellom norrønt og moderne mål. I tillegg skal ein skaffe seg kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av skriftspråket fram til moderne tid. Emnet er obligatorisk i studieretning i nordisk i bachelogradsprogrammet i språk og litteratur, elles valfritt. | Undervisning Undervisninga består av i gjennomsnitt 4 timar forelesing/seminar pr. veke i 13 veker. I samband med undervisninga vil det jamleg bli gjeve øvingsoppgåver. Veker utan undervisning skal nyttast til sjølvstudium og oppgåveskriving. | Arbeidskrav
To skriftlege oppgåver.
| Eksamen og vurdering Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen, skal ein ha fått godkjent to skriftlege oppgåver: - ei omsetjing av ein norrøn tekst med språklege kommentarar - ei utgreiing om eit emne frå eldre språkhistorie Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semestret. Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.
Målform ved eksamen: nynorsk. Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F). | Datoer for skoleeksamen 23.05.2008 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. | Kontaktperson PhD-stipendiat Philipp Conzett, tlf. 77 64 53 61, e-post: Philipp.Conzett@hum.uit.no | Pensum http://uit.no/humfak/3509/ | Emnet overlapper disse emnene NORD-101 -1 6 sp |
Undervisning våren 2008 Første forelesning: Mandag 07. januar kl 1415, rom E 0104 | | Forelesning | Samkjøres med NOR-1020 Foreleser Philipp Conzett
|
|