|
REL-3015: Samtidige utfordringer for studiet av hjemlige religioner Omfang 10 studiepoeng | Emnetype Teoretisk | Undervisningsspråk Engelsk | Mål Kurset har som hovudmålsetjing å gi omfattande kunnskap om grunnleggjande etiske, epistemologiske, metodologiske og teoretiske utfordringar knytt til studiar av heimlege religionar. Studentane skal tileigne seg kritiske verktøy for å kunne analysere prosessar og kompleksitet i høve til religiøst mangfald blant ulike heimlege folk, både historisk og i samtida. Slik skal studentane verte i stand til å nærme seg heimlege religionar på måtar som 1) kontekstualiserer både religionane og vitskaplege tilnærmingar til dei, 2) gir innsyn i sosiale og kulturelle prosessar både lokalt og globalt, og, sist men ikkje minst, 3) reflekterer og tek omsyn til særlege etiske forhold. Fordi dette berre kan verte oppnådd gjennom omfattande empirisk kunnskap om spesifikke heimlege religionar spesielt og om spesifikke heimlege samfunn og kulturar generelt, er det naturlegvis også ei sentral målsetjing å gi slik kunnskap. | Innhold Kurset tek utgangspunkt i utvalde tekstar om empiriske, etiske, metodologiske og teoretiske forhold som er basert på eller utvikla frå lokale studiar gjort blant heimlege folk i ulike delar av verda. Desse studia illustrerer dei særskilde kontekstane og kompleksiteten i felta dei skildrar og analyserer. Dei tek opp særs relevante spørsmål knytt til etiske forhold, epistemologiske perspektiv, metodologiske utfordringar og teoretiske oppfatningar. Samstundes gir dei innsyn i religiøse tradisjonar, praksisar, mangfald og prosessar hjå spesifikke heimlege folk. Tekstane vil vere utgangspunkt for førelesingar og kritiske diskusjonar. Lokale og globale perspektiv på heimlege religionar vil verte drøfta, historisk så vel som samtidig. | Undervisning Førelesingar/seminar, til saman 20 timar | Eksamen og vurdering
7 dagers hjemmeeksamen med gitt oppgavetekst (10 sider, ca. 4000 ord) Karakterskala: A - F. Eksamensspråk: Engelsk eller norsk | Pensum
Contemporary challenges in the study of indigenous religions (REL-3015) Brock, Peggy (ed.). 2005. Indigenous Peoples and Religious Change (Studies in Christian mission 31). Leiden: Brill. (262 pp.) Cox, James L. 2007. From Primitive to Indigenous: The Academic Study of Indigenous Religion (Vitality of indigenous religions series). Aldershot: Ashgate. (194 pp.) Harvey, Graham & Charles D. Thompson Jr. (eds.). 2005. Indigenous Diasporas and Dislocations (Vitality of indigenous religions series). Aldershot: Ashgate. (199 pp.) Olupona, Jacob K. (ed). 2004. Beyond Primitivism: Indigenous Religious Traditions and Modernity. New York: Routledge. (348 pp.) | Hjemmeside http://uit.no/religion/1990/72
|
Undervisning våren 2008 Orientation meeting: 11 January at 13:15, room D-0134 | | Lecture | Lecture in English. First lecture: 14 January at 12:15, room C-1003
Foreleser Bjørn Ola Tafjord
| | Exam | Exam: Distribution: 2 June at 09:30, Expediton Sv-fak Handing in: 9 June at 14:00, Expediton Sv-fak Exam paper: in English or in Norwegian. |
|