Tilbake til normal visning

REL-3015: Samtidige utfordringer for studiet av hjemlige religioner

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk
Undervisningsspråk
Engelsk
Mål
Kurset har som hovudmålsetjing å gi omfattande kunnskap om grunnleggjande etiske, epistemologiske, metodologiske og teoretiske utfordringar knytt til studiar av heimlege religionar. Studentane skal tileigne seg kritiske verktøy for å kunne analysere prosessar og kompleksitet i høve til religiøst mangfald blant ulike heimlege folk, både historisk og i samtida. Slik skal studentane verte i stand til å nærme seg heimlege religionar på måtar som 1) kontekstualiserer både religionane og vitskaplege tilnærmingar til dei, 2) gir innsyn i sosiale og kulturelle prosessar både lokalt og globalt, og, sist men ikkje minst, 3) reflekterer og tek omsyn til særlege etiske forhold. Fordi dette berre kan verte oppnådd gjennom omfattande empirisk kunnskap om spesifikke heimlege religionar spesielt og om spesifikke heimlege samfunn og kulturar generelt, er det naturlegvis også ei sentral målsetjing å gi slik kunnskap.
Innhold
Kurset tek utgangspunkt i utvalde tekstar om empiriske, etiske, metodologiske og teoretiske forhold som er basert på eller utvikla frå lokale studiar gjort blant heimlege folk i ulike delar av verda. Desse studia illustrerer dei særskilde kontekstane og kompleksiteten i felta dei skildrar og analyserer. Dei tek opp særs relevante spørsmål knytt til etiske forhold, epistemologiske perspektiv, metodologiske utfordringar og teoretiske oppfatningar. Samstundes gir dei innsyn i religiøse tradisjonar, praksisar, mangfald og prosessar hjå spesifikke heimlege folk. Tekstane vil vere utgangspunkt for førelesingar og kritiske diskusjonar. Lokale og globale perspektiv på heimlege religionar vil verte drøfta, historisk så vel som samtidig.
Undervisning
Førelesingar/seminar, til saman 20 timar
Eksamen og vurdering

7 dagers hjemmeeksamen med gitt oppgavetekst (10 sider, ca. 4000 ord) Karakterskala: A - F.

Eksamensspråk: Engelsk eller norsk

Pensum

Contemporary challenges in the study of indigenous religions (REL-3015)

Brock, Peggy (ed.). 2005. Indigenous Peoples and Religious Change (Studies in Christian mission 31). Leiden: Brill. (262 pp.)

Cox, James L. 2007. From Primitive to Indigenous: The Academic Study of Indigenous Religion (Vitality of indigenous religions series). Aldershot: Ashgate. (194 pp.)

Harvey, Graham & Charles D. Thompson Jr. (eds.). 2005. Indigenous Diasporas and Dislocations (Vitality of indigenous religions series). Aldershot: Ashgate. (199 pp.)

Olupona, Jacob K. (ed). 2004. Beyond Primitivism: Indigenous Religious Traditions and Modernity. New York: Routledge. (348 pp.)

Hjemmeside
http://uit.no/religion/1990/72
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=REL-3015-1

Undervisning våren 2008
Orientation meeting: 11 January at 13:15, room D-0134
LectureLecture in English.
First lecture: 14 January at 12:15, room C-1003

Foreleser Bjørn Ola Tafjord
ExamExam:
Distribution: 2 June at 09:30, Expediton Sv-fak
Handing in: 9 June at 14:00, Expediton Sv-fak
Exam paper: in English or in Norwegian.


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 21.02.2008 22:23
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes