Tilbake til normal visning

NOR-2121: Knut Hamsuns forfatterskap. Spesialemne for utenlandske studenter

Omfang
10  studiepoeng
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Undervisningsspråk
Norsk
Mål
Målet for studiet er å få eit godt innblikk i diktinga, og delvis livet, til vår største prosaforfattar, Knut Hamsun. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Emnet vil gi ei innføring i Knut Hamsuns forfattarskap både i ein europeisk, modernistisk kontekst og i ein regional kontekst. I tillegg til romanar, vil også dikt, skodespel og reiseskildringar kunne bli trekte inn, i tillegg til Hamsun sine polemiske artiklar. Sjølv om hovudfokus vil liggje på det tekstanalytiske, vil oppfatninga av Hamsun i samtida og ettertida også bli kasta lys over og diskutert.Emnet er eit tilbod til utanlandske studentar(utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Studentar som tidlegare har tatt Norskfre7 / NOR-0100 Norsk for framandspråklege studentar, kan bruke emnet som eit påbyggingsstudium. Dersom studenten seinare tar NOR-2111, fell studiepoenga for dette emnet bort.
Undervisning
Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timer pr. veke i 13 veker. Det vil bli lagt inn undervisningsfrie veker i semesteret.
Arbeidskrav

Eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Eksamen og vurdering
Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten halde eit førebudd munnleg innlegg på om lag 15 minutt. Innlegget skal godkjennast av faglærar. Vurderingsform: Studentane skal skrive semesteroppgåve under rettleiing. Studenten vel sjølv oppgåve og får emnet godkjent av faglærar. Oppgåva skal vere på om lag 15 sider (eksklusive litteraturliste og/eller appendiks). Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Kontaktperson
Stipendiat Linda Hamrin Nesby, e-post: linda.nesby@hum.uit.no, tlf. 776 46 588
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Emnet overlapper disse emnene
NOR-3111 -1      10 sp
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=NOR-2121-1


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 20.02.2008 22:13
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes