|
Nye studieprogram høsten 2003: Påbygningsstudier
 |
| Undervising på Noregs fiskerihøgskole |
Nedanfor finn du ei oversikt over dei nye mastergradsprogramma og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), med lenker til meir informasjon. Programma bygger på programma for bachelorgradene.
Dei fagdisiplinære bachelorgradane kvalifiserer til mastergrad i same fag, mens dei tverrfaglege bachelorgradane kvalifiserer til fleire mastergradar alt etter kva studieretning som er valt.
Søknadsfrist for mastergradane og PPU:
15. april og 1. november.
Frå hausten 2003 finst det tre typar mastergradsprogram:
Mastergradsprogram med eit omfang på 120 studiepoeng (2 år normert studietid). Dette blir den vanlegaste mastergraden som bygger på avlagt bachelorgrad.
Erfaringsbaserte mastergradsprogram med eit omfang på 90 eller 120 studiepoeng. Denne mastergraden er rekna som vidareutdanning. Krav for opptak er 2 år med relevant yrkeserfaring tillegg til bachelorgraden.
Heilskaplege mastergradsprogram med omfang på 300 studiepoeng. I denne mastergraden blir bachelor og master tatt i eitt på fem år, og ein får ikkje utstedt bachelorgrad undervegs.
Vi har og praktisk-pedagogisk utdanning på 60 studiepoeng for deg som vil bli lærar.
|