|
Dato
27.01.2007
Klokka
22:00
Studenthuset driv
Konsert: Rammsund
Vørter Scene (4. etg)
CC: 50,-
Dørene åpner kl 22.00
Konsert start kl 23.30
I ei tid når nynorsk, språket som austlendingar feilaktig omtalar som "sidemålet", kan bli degradert til valfag, fryktar mange at nynorsken kjem til å døy ut som skriftspråk. Frykt ikkje, Rammsund held nynorsken i live, med Rammstein sine pulserande rytmar og beinharde riff, men med tekstane omsett til nynorsk.
I namnet åt klisjeane hevdar me på det sterkaste at det er umogleg å skildre korleis Rammstein sin industrimetalliske musikk læt på nynorsk. Det må rett og slett opplevast!
Om tysken din ikkje er av den støe sorten og du er nyfiken på innhaldet i tekstane åt Rammstein, er løysinga å låne øyra til Rammsund.
Avdi Rammsund ikkje søkjer ly bak ekstreme pyro-effektar, må dei sjølve vera det visuelle showet. Med whiplash-trugande hovudslenging, stikkvåpen og tidvis eit og anna sexleikety til hjelp, tviheld Rammsund på konsentrasjonen til publikummet.
Konsertane blir spela med hardt fokus, ikkje berre på musikken, men òg på publikummet. Heile tida med glimt i auga og mykje moro.
Nettsider
www.driv.no
Tlf/mobil
776 00 776
|