|
Date
06.10.2004
Time
13:00
Akademisk Kvarter, Filial MH
Boklansering: "Likeverd i praksis - mellom fagkunnskap og innleving"
Sammen med Høyskoleforlaget og Vigdis Lysne har vi boklansering av hennes nyeste bok: "Likeverd i praksis - mellom fagkunnskap og innleving"
Tid: Ons. 6. okt. kl. 13.00
Sted: Akademisk Kvarter, Filial MH
Om boka:
Menneskesynet er den "nålespissen" som all humanfagleg teori balanserer på, og det synet ein har på kva det vil seie å vere menneske vil alltid vere avgjerande for korleis ein opptrer i samhandling med andre. Menneske i mellom - likeverd i praksis synleggjer at den tilsynelatande sjølvinnlysande påstanden som tittelen refererer til impliserer ei rekkje potensielt problematiske konsekvensar.
Sjølv om så vel pedagogar som helsearbeidarar vanlegvis lett kan slutte seg til likeverdstanken, er det ofte slik at måten ein forheld seg til andre på i den praktiske kvardagen ikkje alltid samsvarar med dei ideane ein i teorien sluttar seg til. I Menneske i mellom - likeverd i praksis vert følgjene av ulike menneskesyn diskutert, og konsekvensane av å ta likeverdstanken på alvor vert gjort konkret og tilgjengeleg ved utstrakt bruk av praktiske eksempel frå pedagogikk og sjukepleie.
Boka utfordrar den enkelte til å sjå nærare på eigne haldningar, og vil vere aktuell for studentar som utdannar seg i fag der dei på profesjonelt grunnlag skal møte andre
Nettsider
http://www.hoyskoleforlaget.hostings.com/cgi-bin/miva?Merchant2/merchant.mv+Screen=PROD&Store_Code=HF&Product_Code=82-7634-636-7
Kontaktperson
Truls Iversen
Epost
truls@ak.uit.no
Tlf/mobil
776 46 920
|