|
Date
28.02.2005
Time
12:15
Hiet, Administrasjonsbygget
Jobbsøkjarkurs
Mens me ventar på at Karrieresenteret skal koma skikkeleg i gang, tilbyr SIV og Aetat også dette semesteret jobbsøkjarkurs for studentar.
Kurset er primært for studentar som snart er ferdige og skal ut på jobbjakt, men også dei som ikkje er på randen av endeleg eksamen er velkomne!
Tema:
- Gode tips og fornuftige råd om jobbjakt frå A til Å
- CV- og søknadsskriving, intervjusituasjonen og informasjon om arbeidsmarknaden står sentralt
- Og ikkje minst, hjelp til det store spørsmålet: Korleis formulere kva ein kan og kva ein har lært etter mange års universitetsutdanning!
Kurset er frå 12.15-15.30, det er gratis og me har max plass til 20 - førstemann til mølla!
Påmelding til sigrun.hogetveit.berg@adm.uit.no
Kontaktperson
Sigrun Høgetveit Berg
Epost
sigrun.hogetveit.berg@adm.uit.no
Tlf/mobil
77 64 68 92
|