|
Un mouton dans la baignoire er tittelen på Azouz Begag si siste bok. Ideen til denne tittelen fekk han truleg etter å ha høyrt Nicolas Sarkozy i fjernsysnsprogrammet ”J'ai une question à vous poser” i februar i år:
«.... quand on aime la France, on la respecte.(.....) On respecte ses règles, c'est-à-dire qu'on n'est pas polygame, on ne pratique pas l'excision sur ses filles, on n'égorge pas le mouton dans son appartement et respecte les règles républicaines»
Azouz Begag er den gløgge guten frå Lyons forstader, med foreldre frå Algérie, analfabetar, men som visste kva som skulle til: « Mon fils, l"icoule c’est bien pour gagner la vie», fortel Begag i boka si. Azouz Begag vart integrerings- og likestillingsminister, eller meir presist Minister for like muligheiter, i Villepins regjering i 2005 og regjeringskollega med Sarkozy, som da var innanriksminister. Dei to var sterkt ueinige om tiltak og verkemidlar då det stod på som verst med opptøyer i Paris forstader hausten 2005. I boka fortel han om dei to åra han var minister. Forlaget sin bokomtale
Azouz Begag er utdanna sosiolog frå universitetet i Lyon 2. Som forskar i sosialøkonomi har han skrive fleire bøker om innvandrarbefolkningen i storbyen, med særleg vekt på ungdom med nordafrikansk bakgrunn. Azouz Begag er også skjønnlitterær forfattar og har skrive fleire romanar.
|