|

Denne boka gjev ein kortfatta men glimrande introduksjon til den historiske forskinga og publiseringa i Ungarn, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Romania og Bulgaria etter omveltningane i 1989, men har også med mykje historiografi frå både den kommunistiske og pre-kommunistiske perioden i desse landa. Dermed tener boka som ein god introduksjon til historiefaget i desse landa, noko som vert understreka av at boka sine kapittel (eitt for kvart av landa) inneheld fyldige bibliografiar over kva som er publisert innanfor dei forskjellige lands historie. UB har klargjort boka til utlån.
|