Nordisk 
Hjem
Nyheter
Tjenester
UBs fagsider
Allm.litt.vitenskap
Antikken
Arkeologi
Bibliotekkunnskap
Biologi
Dok. vitenskap
English
Farmasi
Filosofi
Finsk
Fiskerifag
Fransk
Fysikk
Geologi
Gresk
Helsefag
Historie
Informatikk
Jus
Kjemi
Kunstvitenskap
Latin
Lingvistikk
Matematikk
Medisin
Nordisk
Litteratursamlinga
Ofelaš
BIBSYS Ask
Nordisk på internett
Databaser
Arkiv
Odontologi
Pedagogikk
Psykologi
Religionsvitenskap
Russisk
Samisk
Sosialantropologi
Sosiologi
Statistikk
Statsvitenskap
Tysk
Økonomifag

Finn litteratur
 
Litteratursamling
Referanseverktøy
Kontakt UB
Innkjøpsforslag
Teknisk hjelp

Utlån
Kurs ved UB
Kursoversikt
Påmelding
Publisering
Munin
Om tjenesten
Formidling
Utstillinger
Ravnetrykk
Hugins øye
Seminar
Lørdags-
universitetet
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › ub › 8067 › 8461 › 4775
Printer friendly

Halldis Moren Vesaas


07.11.2007

I november i år er det 100 år sidan forfattaren og omsetjaren, Halldis Moren Vesaas, vart fødd.


Magnhild Svenheim

"Eg trur at dei kvinnene som vel å gifte seg med ein stor kunstnar, veit at dei med det tjorar seg til ein påle. Dei kan nok få røre på seg, gå ein runde og somme gonger ein stor runde, og når dei tøyer halsen alt dei er gode for, kan dei få jafse i seg ein grasdott utanfor piggtrådgjerdet. Men det får dei snart nok av, og dei lar reipet slakne og tukkar seg inntil pålen att – og du verda så mykje tid ein sparer når ein er tjora til ein slik påle." 

Dette er ikkje Halldis Moren Vesaas, men den franske forfattaren Françoise Xenakis, sine ord, slik ho skriv i forordet til romanbiografien ”Zut, on a encore oublié Madame Freud.” Men det er Vesaas sitt språk, det er hennar omsetjing. Og kven andre enn henne kunne uttrykkja seg med eit slikt rikt språk! Den som har fått tekstane sine omsette av Halldis Moren Vesaas, veit vel ikkje kor heldig han eller ho har vore. Det er i alle fall tilfellet for Françoise Xenakis. Den norske tittelen på boka, Sett på maken!, er også eit slåande uttrykk, som rommar ironien i den franske tittelen.

Boka er ein fiktiv biografi om fem kvinner, alle gift med store menn. "Eg vil spore opp desse kvinnene der dei har gøymt seg bak komfyrane eller mellom støvdottane under kommoden. Eg vil vaske andleta deira, kjemme håret, streke opp augnebryna og stryke litt rouge på kinna ... ja reinse dei for den gråfargen som historieskrivarane har lagt over dei." Forfattaren innrømmer av og til å lyge litt, "la dei seie noko anna enn det vi veit dei har sagt."

Som vi veit, har Halldis Moren Vesaas omsett både Shakespeare, Faust, Racine og Molière. For dette arbeidet har ho fått fleire prisar, blant anna frå Kulturrådet i 1960. ”Eitt einaste av dei gjendikta, klassiske drama åleine kunne ha kvalifisert Halldis Moren Vesaas til den høgste påskjøning: Jean Racines Fedra” , sa Ivar Eskeland, da han overrakte prisen i 1986.

Kvifor så trekkja fram denne ukjende teksten, som på ingen måte er for verdslitteratur å rekna?

Berre fordi det var morosamt å lesa om desse kvinnene og senda ein tanke til ho, som i ein alder av 84 år, leverte den norske omsetjinga. Kva tankar gjorde ho seg i møte med desse så ulike kvinnene, med eitt felles, å vera gift med ein stor mann? Tenkte ho på sitt eige liv og samliv? Var ho glad ho levde i ei anna tid? Den yngste av dei, Alma Schindler, gift med Gustav Mahler, døydde likevel så seint som i 1964. Eg trur i alle fall ho sende mange kjærlege tankar til den mannen ho var gift med i 36 år. Halldis Moren Vesaas, visste at mannen hennar, Tarjei Vesaas, var den største forfattaren av dei to. Derfor var det også han som hadde eige arbeidsrom, ikkje fordi han var mann, men fordi han var størst. Det var rett og rimeleg, meinte ho. Hennar liv var likevel så ulikt det kvinnelivet som er skildra i dei fem biografiane. Halldis Moren Vesaas levde ikkje ”tjora til ein påle”, sjølv om ho ikkje hadde eige arbeidsrom. For kvinner i dag er det kanskje vanskeleg å forstå at ho kunne setja den to-årgamle sonen sin på eit barnepensjonat, fordi ho hadde fått reisestipend. ”...det var vel i grunnen heller brutalt gjort?”, spør den vaksne sonen, Olav, i intervju med mora i høve 80-årsdagen hennar. ”Vi putta deg inn, vi var båe om det”, var svaret han fekk frå mora. ”Mange foreldre gjorde det same den gongen,” seier ho. Fru Freud ville avgjort gjort det same, men da fordi mannen trong arbeidsro og ville det slik.

Eg trur Halldis Moren Vesaas hadde moro av å arbeida med denne teksten.  Språket ber preg av det, og ein ser fort at det er ein kunstnar bak dei mange språklege perlene.

I 1973 sende radioteateret høyrespelet Ho ville seie han det på øya. Dette er også ein tekst av Françoise Xenakis, og eitt av nesten femti skodespel som Halldis Moren Vesaas sette om til nynorsk for radioteateret. Nesten 20 år seinare, i 1991, kom ho så tilbake til den franske forfattaren med den flotte omsetjinga Sett på maken! På UB har vi boka både på norsk og fransk. Å lesa Molière på nynorsk er også både morosamt og tankevekkande.

Samlaget gir ut biografien Å vera i livet, skriven av sonen, Olav Vesaas. Les meir om forfattaren og omsetjaren, Halldis Moren Vesaas, og jubileumsåret: http://www.vesaas.no/

Vesaas, O. (1987). Mimremøte med mor. Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen 18. november 1987. L. Mæhle. Oslo, Aschehoug: 59-69.

Xenakis, F. (1991). Sett på maken! Oslo, Samlaget.

Aalen, M. og E. Falck (1987). Lyrisk dronning og lærd dame. Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen 18. november 1987. L. Mæhle. Oslo, Aschehoug: 105-115.

 

 


Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
e-post: post@ub.uit.no, Tlf.: 77 64 40 00
Oppdatert av Magnhild Svenheim den 04.02.2008 13:36
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Fagansvarleg for
nordisk språk og litteratur på Universitetsbiblioteket:
Magnhild Svenheim
Fagref-Magnhild

Tlf.: (776) 44154
Fax.: (776) 44162
E-post: magnhild.svenheim

Kontor: Rom 135.12 på HS-biblioteket
Sider:
Nye bøker i januar
Ny biografi om Tove Jansson
Halldis Moren Vesaas
Dansk litteraturhistorie
EndNote
Ibsen på radioteatret
Elektroniske bøker
Leiter du etter eit dikt?
Kurs i EndNote
Bok om Rolf Jacobsens dikting
set width of right cell in netscape 4